Eidsvåg i Åsane

Eidsvåg er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 2710 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Eidsvåg ligg sørvest i Åsane, ved Byfjorden og den gamle kommunegrensa til Bergen, som no er grensa til Bergenhus bydel. Kommunesenteret i gamle Åsane kommune låg i Eidsvåg.

Eidsvåg
stad
Eidsvågneset
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 2 710  (2023)
Postnummer 5101 EIDSVÅGNESET, 5104-5105 EIDSVÅG I ÅSANE, 5106 ØVRE ERVIK
Preposisjon i Eidsvåg
Gardnummer 216
Kart
Eidsvåg i Åsane
60°26′12″N 5°18′58″E / 60.43671°N 5.316092°E / 60.43671; 5.316092
Wikimedia Commons: Eidsvåg, Bergen

Frå 1896 til 1972 var tekstilfabrikken Eidsvåg Fabrikker i drift her. Folketalet i området auka gradvis grunna dette og passerte 1000 rundt 1945. Det meste av området til den gamle matrikkelgarden er no bustadområde. Her ligg Eidsvåg barne- og ungdomsskule og Eidsvåg kyrkje, frå 1982.

Jordbruksaktiviteten i Eidsvåg avtok etter den andre verdskrigen og tok endeleg slutt omkring 1970.

Kjelder endre

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 22-47

Fotnotar