Koordinatar: 61°31′47″ N 6°13′51″ E Eikaasgalleriet er eit kunstgalleriÅlhus i Sunnfjord kommune. Galleriet vart oppretta då Ludvik Eikaas donerte ei stor samling av sine eigne verk til kommunen. Samlinga omfattar over 800 verk i form av grafiske trykk, måleri, skulptur og trykkplater.

Eikaasgalleriet vart etablert i 1994, konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2004. Kunstmuseet vart igjen konsolidert med fire andre museum i fylket, Kystmuseet, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, til museumseininga Musea i Sogn og Fjordane i 2009.

Kjelder endre