Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum vart grunnlagt i 1987 som Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane. Det noverande namnet fekk museet i 2000, og i 2004 vart det gjort om til ei stifting med ansvar for om lag 4000 kunstverk. Det er eit desentralisert museum, med driftsansvar for Anders Svor Museum i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster, Sogn Kunstsenter i Lærdal , SFKM i Førde (tidlegare Sogn og Fjordane Kunstnarsenter i Førdehuset og Sogn og Fjordane Kunstmuseum på Prestebøen). I 2009 gjekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum inn i det konsoliderte stormuseet, Musea i Sogn og Fjordane saman med Kystmuseet, Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Logoen til Sogn og Fjordane Kunstmuseum på ei glasdør.

Frå 3. januar 2016 er Janne K. Leithe direktør for museet.

Bakgrunnsstoff endre