Kystmuseet i Sogn og Fjordane

(Omdirigert frå Kystmuseet)

61°35′20″N 5°02′34″E / 61.58878°N 5.04287°E / 61.58878; 5.04287

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
StadFlorø
Skipa1980
Museumstypeålment kulturhistorisk museum
DirektørBerit Høivik
Nettstadwww.kyst.museum.no
Kart
Kystmuseet i Sogn og Fjordane
61°35′20″N 5°02′34″E / 61.58878°N 5.04287°E / 61.58878; 5.04287

Kystmuseet i Sogn og Fjordane er eit distriktsmuseum for kyststroka og ei avdeling av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Utstillingar på museet speglar livet ved kysten av Sogn og Fjordane frå midten av 1700-talet og fram til i dag. Gjenstandane fortel om fiskerinæring og sjøfart, om kystorienterte handverk, om livet til fiskarbonden og om livet i byen Florø. Mange av museet sine gjenstandar kan ein sjå på Digitalt Museum.

Ansvarsområde endre

I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum.

Kystmuseet i Florø endre

Museet har hovudbase i Florø og består av 3 museumsbygg og eit 74 mål stort friluftsområde der ein finn både gardstun, tettstad, fiskevær og anna. Dei tre museumsbyga inneheld administrasjon, fagbibliotek, arkiv og arbeidsplassar for 7 tilsette. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

Kulturlandskap langs kysten endre

Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal.

Båtsamlinga endre

Kystmuseet har ei stor båtsamling, blant anna «Bakkejekta» frå midten av 1700-talet. Museet er medeigar i galeasen «Svanhild» og M/S «Atløy», og eigar av råsegljekta «Svømianna» og autolinebåten «Haugefisk». Fartøya er representantar for båttypar som har vore vanlege ved kysten av Sogn og Fjordane. Museet har også hovudansvar for fartøyvern i fylket.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre