Eiker prosti

prosti i Den norske kyrkja

Eiker prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Krødsherad, Modum, Sigdal og Øvre Eiker.[1]

Haug kyrkje.
Foto: Trygve Flathen

Prosten har sete i Hokksund kor Haug kyrkje er prostikyrkje.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn og tidlegare prestegjeld i Eiker prosti endre

  • Krødsherad (tidlegare Krødsherad prestegjeld)
    • Krødsherad sokn
  • Modum (tidlegare Modum prestegjeld)
    • Modum sokn
  • Sigdal (tidlegare Sigdal prestegjeld)
    • Eggedal sokn
    • Sigdal sokn
  • Øvre Eiker (tidlegare Eiker prestegjeld)
    • Bakke sokn
    • Fiskum sokn
    • Haug sokn
    • Vestfossen sokn

Sjå òg: endre

Kjelder endre

  1. Eiker prosti frå Den norske kyrkja
  2. Haug kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff endre