Eilert Ramm

norsk politikar
(Omdirigert frå Eilert Waldemar Preben Ramm)

Eilert Waldemar Preben Ramm (4. mai 176915. mars 1837) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Eilert Ramm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mai 1769
Ringsaker kommune
Død

15. mars 1837 (67 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Eilert Ramm på Commons

Ramm var fødd på Furnes i Hedmark, som son av ein offiser. Han var volontør i det sjællandske lette dragonregimentet i 1787. I 1790 vart han sekondløytnant i Oplandske Dragonregiment. Han steig i gradane, og vart sidan premierløytnant og i 1808 rittmeister. Samstundes vart han då sjef for den vangske skvadron, sidan for den sønnafjellske dragonregiment. Med denne styrken slo han ned uroa mellom bøndene i Hedmark i året 1818. År 1818 vart han overført til kavaleribrigaden. Major i armeen i 1825. Han tok avskjed frå det militære i 1829.

Ved sidan av sitt virke i det militære, arbeidde Ramm i tida etter 1814 som inspektør for den samordna militære og økonomiske oppmålinga.

Ramm var utsending frå Søndenfjeldske Dragonregiment under riksforsamlingaEidsvoll i 1814 og røysta med sjølvstendepartiet.[1]

Han døydde i Vang i Hedmark.

Kjelder

endre
  1. «Eilert Waldemar Preben Ramm (1769-1837)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.