Ein Tzurim
Ein Tzurim (hebraisk skrift עֵין צוּרִים, tyder 'Klippekjelde') er ein religiøs kibbutz sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune, og er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla. I 2007 var folketalet 1 100.
Ein Tzurim | |||
kibbutz | |||
Ein Tzurim
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°41′40.92″N 34°43′6.96″E / 31.6947000°N 34.7186000°E | ||
Folketal | 863 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 23. oktober 1946 (i Gush Etzion)
1949 (noverande plassering) | ||
• Grunnlagd av | Bnei Akiva-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
Ein Tzurim 31°41′41″N 34°43′07″E / 31.6947°N 34.7186°E | |||
Kart som viser Ein Tzurim.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Tzurim |
Historie
endreFørste kibbutz
endreKibbutzen vart grunnlagd den 23. oktober 1946 som ein ny busetnad i Gush Etzion (aust for dagens plassering). Grunnleggjarane var palestinsk-fødde medlemmar av den femte gruppa (Gar'in) av Bnei Akiva som vart danna i Tirat Zvi.[2]
I 1947 hadde kibbutzen eit folketal på 80. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart kibbutzen øydelagd i lag med dei andre busetnadane i Gush Etzion, av den jordanske hæren. Mennene som var att for å kjempe vart tekne som krigsfangar til Mafrak krigsfangeleir.[2]
Under fornyinga av jødiske busetjingar i Gush Etzion etter seksdagarskrigen, vart det grunnlagd ein ny kibbutz kalla Rosh Tzurim på den opphavlege staden til Ein Tzurim.
Dagens plassering
endreI 1949 danna innbyggjarane som drog frå Ein Tzurim ei ny busetjing sør i det sentrale Israel, nær landsbyane Zerahia, Shafir og Merkaz Shapira, og dei kalla òg denne Ein Tzurim. Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ein Tzurim» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948. Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. ISBN 0-88728-224-5.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/southern/ashqelon/0622__en_zurim/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003477.
- ↑ 2,0 2,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 39.
- ↑ Khalidi, 1992, s. 135