Rosh Tzurim (hebraisk skrift רֹאשׁ צוּרִים, tyder Toppen av berga) er ei israelsk busetjing og ein religiøs kibbutz på den okkuperte Vestbreidda, grunnlagd i 1969. Han ligg kring 20 km sør for Jerusalem, 3,9 km aust for Den grøne linja, på innsida av den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. Han er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla og er underlagt Gush Etzion regionale kommune. I 2011 hadde han 730 innbyggjarar.

Rosh Tzurim
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°40′1.49″N 35°7′32.5″E / 31.6670806°N 35.125694°E / 31.6670806; 35.125694
Folketal 730  (2011)
Grunnlagd 1969
 - Grunnlagd av Bnei Akiva religiøse speidarar og Nahal
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Kart
Rosh Tzurim
31°40′01″N 35°07′32″E / 31.667080555556°N 35.125694444444°E / 31.667080555556; 35.125694444444
Wikimedia Commons: Rosh Tzurim

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Historie endre

Busetjinga vart grunnlagd i 1969 av medlemmar av Bnei Akiva religiøse speidarar og Nahal-soldatar. Namnet kjem frå bibelverset «g ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han» (4. Mos 23:9).[2]

Rosh Tzurim ligg der der Beth Zechariah låg i antikken og på ein åstopp der Ein Tzurim tidlegare låg. Denne vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948 av den arabiske legionen frå Jordan og seinare oppretta på ny i Lakhish-området.

Rosh Tzurim er i dag privatisert.[3]

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  2. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.403 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  3. «Rash Tzurim». Gush Etzion Foundation. Henta 16. april 2013.