Einar Terkel Christian Tamberskjelver Rosenqvist (7. februar 181717. april 1885) var ein norsk militær og politikar frå Kristiansand. Han var stortingsmann i 1851 og 1872-73.

Einar Rosenqvist
Einar Rosenqvist.png
Fødd 7. februar 1817
Død

17. april 1885 (68 år)

Yrke politikar

Rosenqvist var son til ein prest. I yngre år budde han 2 år hos morsslekta i Danzig. Han gjekk så sjøkadettinstituttet i Fredriksvern og var sekondløytnant i marinen frå 1836. 1837-38 reiste han i koffardifart. I 1842 tok han høgskuleeksamen, utnemnd til premierløytnant i 1849. Gjennom åra 1852 og -53 reiste han langs norskekysten og undersøkte losstellet, på oppdrag frå Marinedepartementet. Frå 1857 til 1871 var han overlos for det sønnafjeldske og styrar av sjømannsskulen i Kristiansand. Etter fleire opprykk var han kommandør frå 1870, sjef for sjøkadettkorpset på Karljohansvern 1871-76 og for det sjømilitære korps til 1883.

Rosenqvist var medlem i Loskommisjonen av 1860. Han var i mange år bystyremedlem i så vel Kristiansand som Horten, i Horten også ordførar. Til Stortinget 1851 møtte han som 2. representant frå Kristiansand, sekretær i Militærkomite nr 2. Perioden 1871-73 var han 1. varamann til Tinget, møtte 1872 og -73-sesjonane i staden for Nils Vogt, medlem av Gasje- og pensjonskomiteen.

KjelderEndra