Einar Sagstuen (fødd 22. mars 1951) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Gjøvik. Han vann ein olympisk sølvmedalje i langrenn under vinter-OL 1976 i Innsbruck. Sagstuen gjekk då andre etappen på det norskestafettlaget som kom på andre plass på 4 x 10 km stafett, bak Finland. Dei hine på laget var Pål Tyldum, Ivar Formo og Odd Martinsen.

Einar Sagstuen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1951 (73 år)
Gjøvik kommune
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 1976

Sagstuen fekk med seg to NM-medaljar, eit sølv og ein bronse. Beste individuelle tevlinga på internasjonalt nivå stod han for på femmila i Holmenkollen i 1974.

Besteplasseringar i internasjonale renn og verdscuprenn

endre
  • 1972: Nr 11 på 30 km i Lycksele i Svenska skidspelen
  • 1973: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen
  • 1974: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
  • 1975: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen
  • 1976: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen
  • 1977: Nr 11 på 50 km i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap

endre

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar