Einar Schibbye
Einar Schibbye (fødd 29. oktober 1900 i Kristiania, daud 15. september 1959) var ein norsk kringkastingsmann og kriminalforfatter.
Einar Schibbye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. oktober 1900 Christiania |
Død |
15. september 1959 (58 år) |
Yrke | journalist, forfattar, programsekretær, programleiar |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Far | Einar Schibbye |
I 1920-åra gav han under pseudonymet Ivan Kanonikoff ut fleire kriminalromanar som parodierte Øvre Richter Frich sine bøker om Jonas Fjeld.
Schibbye vart tilsett som programsekretær i NRK i 1933. Han vart først og fremst kjend som «onkel Einar» i Barnetimen. Historiene om onkel Einar, Oscar og Spisskammeret, eller møta mellom onkel Einar, Kallemann, Amandus og tane Amalie (dei siste figurane var skapt i samarbeid med Sverres Erichsen i Schibbyes NRK-periode i Bergen) vart institusjonar i radioen før den andre verdenskrigen.[1]
I 1938 stod han for aprilspøken Papegøyeutstilling på NRK radio.
NRK-reklamefilmen Fra mikrofon til høyttaler' vart spelt inn hausten 1940 etter eit manuskript av Schibbye. Erik Lund var regissør/fotograf.[2]
Under andre verdskrigen vart han medlem av Nasjonal Samling. I 1942 vart Schibbye utnemnd til direktør for Oslo kommunale kinematografer.[3]
Han hadde skrive fleire små sketsjar og høyrespel for born, både før og under krigen og vart ein av dei forfattarane som vart stengd ute etter freden i 1945, [4]
Etter krigen var Schibbye i fleire år ikkje ynskte i kringkastinga på grunn av det politiske valet sitt under krigen, men ut på 1950-talet slapp han til med radiohørespill. Han medverka òg på dei populære barneplatene med Doffen (spelt av Einar Sissener), utgjeve av Norsk Grammofonkompani A/S.
Bibliografi (i utval)
endre- 1925: Melodien til alkoholen. Storforbryderroman (under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
- 1927: Paa bunden av Skagerak ( under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
- 1949: Hvem kysset Victoria? (kriminalroman)
- 1948: Den siste natten (under pseudonymet Sandar Sim)
- 1946: Lugar nr 36 (kriminalroman, under pseudonymet Sandar Sim)
- 1938: Onkel Einar og Spisskammeret og Truls (barnebok)
- 1937: Onkel Einar og Oscar i studio (barnebok)
- 1934: Kallemann og Amandus (barnebok)
Krimhøyrespel
endre- 1954: Mord for åpen mikrofon (Seks deler)
- 1958: Jeg vil vite hvem jeg er (Seks delar)
- 1959: Rødt mysterium (Seks delar)[5]
Andre høyrespel
endre- 1956: Victoria (av Knut Hamsun. Dramatisert av sonen Tore Hamsun i samarbeid med Schibbye)[6]
Referansar
endre- ↑ Dahl, Hans Fredrik: Hallo Hallo! Kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1975, s. 276
- ↑ Dahl, Hans Fredrik: Dette er London. NRK i krig 1940-1945, Oslo 1979, s. 289
- ↑ BBC London 13. mars 1942
- ↑ Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 47
- ↑ Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 89
- ↑ Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 199