Einar Stavang

jurist og Ap-politikar

Einar Magnus Henriksson Stavang (20. november 18983. mai 1992) var ein norsk jurist og politikar, fødd i Kinn prestegjeld i Sunnfjord. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i 24 år.

Einar Stavang
Fødd20. november 1898
Død3. mai 1992 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnPer Stavang
Alle verv

Virke endre

Stavang, som var son til ein lærar, vart student i 1918 og cand.jur. i 1924. Han var så sakførar i Florø frå 1925 til 1946. Sidan 1946 var han sorenskrivar i Sunnfjord sorenskriveri, med bustad i Førde, til han gjekk av for aldersgrensa i 1968.

Stavang var i mellomkrigsåra varaordførar i Florø kommune i to periodar, og ordførar i 1940 og 1945–46. Hausten 1945 vart Stavang vald til stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, og sidan attvald fem gongar. På Stortinget var han 1946-47 sekretær i Justiskomiteen 1946-47, perioden 1950-65 nestformann og 1965-69 formann i same komiteen.

Stavang var aktiv i Noregs Mållag, og hadde ulike tillitsverv i skipnaden.

Kjelder endre