Eira er ei elv i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho renn ut frå Eikesdalsvatnet og munnar ut i Eresfjorden ved Nauste. Sjølve Eira er berre 7,1 km lang.[1] Elva er samtidig òg nedste del av eit større vassdrag, som mellom anna omfattar elva Aura på Nesset, og som i alt er 87,2 km langt, med eit nedslagsfelt1 122,21 km2.[1] Den naturlege middelvassføringa ved munningen er 39,19 m³/s,[1], men store delar av dette er ført bort frå nedslagsfeltet til Eira i samband med utbygginga av Aura kraftverkSunndalsøra og Grytten kraftverk ved Åndalsnes.

Eira
elv
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Nedslagsfelt 1 122,21 km²
Lengd 7,1 km
Middelvassføring 39,19 /s
Kjelde Eikesdalsvatnet
Munning Eresfjorden ved Nauste
Kart
Eira
62°41′06″N 8°07′53″E / 62.685016°N 8.131335°E / 62.685016; 8.131335
Wikimedia Commons: Eira and Aura (river)

Referansar

endre