Eiteråga i Rana
66°23′46.954″N 14°39′39.589″E / 66.39637611°N 14.66099694°E Eiteråga er namnet på både ei elv og ei grend i Dunderlandsdalen, 7 km nord for Storforshei, i Rana kommune. E6 passerer gjennom grenda.
Næringsgrunnlaget er i hovudsak jordbruk. 4 km nord for munningen til Eiteråga i Ranelva finst Stjernen sølvsmie, som produserer smykke av sølv og edelsteinar og brukskunst.
Elvenamnet kan tyde «den kalde elva», av gammalnorsk eitr, jamfør «eitrande kald». Namnet kan òg vere avleidd av urgermansk *aitra-, «noko som sveller fram».
Elva har utløpet sitt mellom Bomfjellet og Ørtfjellet.
-
Eiteråga renn ned frå fjellet
-
Eiteråga passerer under ei bru langs E6
-
Eiteråga passerer under ei bru langs E6
-
Utløpet til Eiteråga i Ranelva
Grenda vart rydda for jordbruk i 1723. Opphavleg var det to gardsbruk i grenda. Sidan 1749 har ho bestått av fire jamstore gardsbruk. Gardane vart regulerte av staten i 1925.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eiterå (Rana)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Oluf Rygh: Norske Elvenamne. Etter offentlig Foranstaltning udgivne med tilføiede Forklaringer av K. Rygh, Kristiania, 1904, s. 38-39
- H. Petersson: Namn och Bygd. Tidsskrift for nordisk ortnamnsforskning, Lund, 1956, s. 68-75
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: