Eivor Vindenes (fødd 16. februar 1971) er ein norsk forfattar, redaktør og musikkprodusent.

Eivor Vindenes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1971 (53 år)
Yrke skribent

Vindenes var tidlegare teikneserieredaktør i Jippi Forlag der ho i tillegg skreiv fleire historier til teikneseriebladet Forresten. Ho jobba og med seriar for Schibsted forlaga i ti år. Vindenes debuterte som forfattar med barneboka Alt kan reparerast som vart gitt ut på Samlaget i 2009. Året etter mottok ho Guro Sandsdalens litteraturpris for denne boka.[1] I 2010 kom Den hemmelege vegen til månen. Eivor Vindens var tidlegare og vokalist i rockebandet The Ethnobabes frå Kongsvinger.

Ho arbeider i dag frilans innan fagfeltet litteratur. Ho er dessuten med i musikkollektivet bak plateselskapet Perfect Pop Records. Ho gjekk på Norsk Barnebokinstitutts forfattarstudium 2007-2009.

Eivor Vindenes voks opp på Skarnes i Hedmark, men familien kjem frå Vinnes i Hordaland. Ho bur no i Oslo.

Kjelder endre

Referansar
  1. ««Det Norske Samlaget Årsmelding og reknskap 2010»». Det Norske Samlaget. 14. april 2011. 

Bakgrunnsstoff endre