Guro Sandsdalens litteraturpris

Guro Sandsdalens litteraturpris var ein norsk litteraturpris som vart delt ut årleg mellom 2003 og 2010 til ein yngre forfattar som arbeidde for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Det skulle leggjast vekt på litteratur for barn og unge, og om det var høvelege kandidatar frå Telemark så skulle dei prioriterast. Prisen var oppretta for å hjelpe fram yngre forfattarar.

Prisen vart stifta i 2002 til minne om forfattaren Guro Sandsdalen (1916-2000). Etter hennar død vart det oppretta eit minnefond som skulle brukast til prispengar til det var oppbrukt. Pengane var brukte opp etter tildelinga i 2010.[1] Prisen vart administrert av Det Norske Samlaget.

Prisvinnarar endre

År Forfattar Ref.
2010 Vindenes, EivorEivor Vindenes
Parr, MariaMaria Parr
[1]
2009 Prisen vart ikkje delt ut [1]
2008 Djupvik, LauraLaura Djupvik [2]
2007 Røssland, IngelinIngelin Røssland [3]
2006 Kvalvaag, Hilde K.Hilde K. Kvalvaag [3]
2005 Kolerud, ArnfinnArnfinn Kolerud [3]
2004 Mæhle, LarsLars Mæhle [3]
2003 Trohaug, RagnfridRagnfrid Trohaug [3]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 ««Det Norske Samlaget Årsmelding og reknskap 2010»». Det Norske Samlaget. 14. april 2011. 
  2. ««Laura Djupvik»». Det Norske Samlaget. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org). 

Bakgrunnsstoff endre