59°55′45.023″N 10°40′13.080″E / 59.92917306°N 10.67030000°E / 59.92917306; 10.67030000

Frå Ekely ca. 1920–30. Det bevarte atelieret i bakgrunnen.
Foto: Inger Munch/Oslo Museum
Kunstnerkolonien på Ekely
Foto: Ukjend/Oslo Museum

Ekely er ein stad der Edvard Munch budde og måla frå 1916 til han døydde i 1944, og seinare som bustad for fleire norske kunstnarar. Ekely er rekna som eit norsk kulturminne.[1]

Historie endre

Edvard Munch kjøpte området på 45 mål i 1916. Eigedommenhadde tidlegare vore eit gartneri. Han omfatta fleire uthus i tillegg til hovudhuset i sveitserstil som blei oppført i 1897 for amtsgartnaren A.M Petterson.[2] Munch brukte både dei gamle uthusene og nye provisoriske bygningar som atelier i dei første åra. I 1929 fekk han oppført sitt permanente Vinteratelier, teikna av arkitektvenen Henrik Bull. Dette er den einaste gjenverande bygningen på Ekely frå Munch si tid.[3]

Munch budde på Ekely fram til han døydde 23. januar 1944. Mange av bileta hans frå dei siste tiåra har motiv frå Ekely. Hagen og lysthuset er avbilda på fleire måleri, og interiøra er bakgrunn for mange sjølvportrett frå dei siste leveåra hans.

Etter at Munch døydde, blei eigedommen kjøpt av Oslo kommune i 1946. Munch hadde testamentert den store samlinga si av måleri, teikningar, grafikk og trykkplater til kommunen, som brukte atelieret til konserveringsverkstad og magasin fram til samlinga blei overført til Munch-museet.

I etterkrigsåra fram til 1949 blei atelieret brukt til utstilling av Akermuseet sine samlingar, fram til Oslo kommune sa opp leigeforholdet.

Hagen blei fylt med hus for kunstnarar i 1951, teikna av Jens Selmer. Kunstnarbustadane blei bygd av OBOS. I 1960 blei sveitservillaen på tomta frå 1870-åra riven.

Kunstnarheimar endre

Finn Fåborg, Anne Raknes, Nils Aas, Thorbjørn Egner, Franz Widerberg, Guy Krohg og Sossen Krohg har alle budd på Ekely.

Forfattaren Jon Michelet budde der med foreldra sine som barn.[4]

Kjelder endre

  1. Ekely har nummer 86177 i Riksantikvarens kulturminnebase
  2. Nesheim, Alf: Ekely før Munch , Aftenposten 02.04.1993.
  3. Høifødt, Frank: Munch i Oslo, Oslo 2002, s. 64-66. ISBN 82-496-0161-0.
  4. Sissel Hoffengh (15. april 2018). «Jon Michelet skrev til det siste». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff endre