Ekskommunikasjon (frå latin av ex 'ut' og communicare 'dele med ein'[1]) eller bannlysing er ei kyrkjeleg straff i form av utestenging frå kyrkjesamfunnet. I aposteltida utstøtta ein openlyse syndarar frå kyrkjelyden, visstnok opphavleg for heile livet. Seinare godtok kyrkja å innlemme ekskommuniserte i kyrkjelyden att, etter ymse botsøvingar eller straff. I mellomalderen skilde ein mellom det vesle og det store bannet (excommunicatio minor og excommunicatio major). Det vesle medførte utestenging frå kyrkjelege sakrament i ein avgrensa periode, og var ein pedagogisk forholdsregel. Det store bannet (anatem) var den strengaste kyrkjestraffa, og medførte utelating frå alle kyrkjelege goder. Kyrkjeretten i mellomalderen kravde òg at den verdslege makta skulle syte for at bannlysinga også skulle få borgarlege følgjer.

Henrik VIII blei ekskommunisert av Den katolske kyrkja. Måleri av Hans Holbein den yngre frå om lag 1537

Martin Luther forkasta under reformasjonen det store bannet og godkjente berre det vesle bannet som eit middel for å halde openlyse syndarar borte frå nattverden. Den reformerte kyrkja nyttar derimot også det store bannet.

Kjelder

endre

«bann./ekskommunikasjon» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.