Eksplosjonen på Vågen
60°23′58″N 5°18′59″E / 60.39944°N 5.31639°E
Eksplosjonen på Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944. Det tyske ammunisjonsskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon kom i brann og detonerte ved festningskaien på Vågen klokka 0839.
Minst 98 menneske mista livet, 4 800 skadd, 131 hus forsvann, 117 hus vart så sterkt skadd at dei måtte rivast, 45 hus vart sterkt skadd, medan 3 500 hus fekk mindre skadar. I etterkant av eksplosjonen vart 4260 barn evakuert. Viktige kulturminne som Nykirken, Tollboden, Bryggen, Rosenkrantztårnet og Håkonshallen vart sterkt skadd, men sidan restaurert.
Sabotasje?
endreHistorikar Vidar Erik Haugen har i ein artikkel påstått at eksplosjonen var ein sabotasjeaksjon frå alliert side, imot ubåthamna i Bergen (Laksevåg).[treng kjelde] Andre hevder derimot at det var ei ulukke.
Bilete
endre-
Bryggen i Bergen etter eksplosjonenFoto: Deutsches Bundesarchiv
-
Øydelagde hus i Bergen sentrum etter eksplosjonenFoto: Deutsches Bundesarchiv
-
Stavangerskes kystruteskip DS «Rogaland» søkk ved kai ved Dreggen i Bergen, biletet er teke kort tid etter eksplosjonen, ein ser vrakgods i fjorden ved skipetFoto: Deutsches Bundesarchiv
-
Tyske offiserar frå Kriegsmarine, Heer og Waffen-SS på synfaring etter eksplosjonsulukka. Blant offiserane er Reichskommissar für Norwegen Josef Terboven og admiral Otto von Schrader. I bakgrunnen det skadde Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.Foto: Deutsches Bundesarchiv
-
Brennande bil framfor bygget til Bergenske dampskipsselskaps.
Foto: Bundesarchiv, Bild 101I-117-0353-03 / Maltry
Bakgrunnsstoff
endre- Artikkel om ulukka frå Universitetet i Bergen
- Digitalt fortalt: "Evakueringen" (skrive av Åsta Vadset, Bergen byarkiv)
- April 1944, en morgen som alle de andre – av Elsa-Karin Svendsen Arkivert 2014-03-15 ved Wayback Machine. Augevitneskildring
- Smauene som forsvant Arkivert 2014-03-15 ved Wayback Machine. Skildring frå Nordnes, om 20. april 1944 med fotografi etter ulukka, og i nåtid.
- Ankerhytten – en bit av 20. april 1944 Video frå Ankerhytten og minnesmerket på Sandviksfjellet
- Minnesmerke for ofra etter eksplosjonen i Bergen 20. april 1944 Nettside med svært mange fotografi og lenker om eksplosjonsulukka