Eléni Fouréira
Eleni Foureira eller Eléni Fouréira (fødd 7. mars 1987) er ein gresk songar, dansar og skodespelar. Ho byrja musikkarrieren sin i 2007 som medlem av den greske jentegruppa Mystique. I 2010 innleidde ho solokarrieren sin og har gjeve ut ei rekkje singlar som har selt bra i Hellas og på Kypros. Ho har òg vunne fleire musikk- og bransjeprisar.[1] Fouréira representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2018, der ho kom på andreplass med songen «Fuego».[2]
Eléni Fouréira | |||
| |||
Fødd | 7. mars 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fier | ||
Fødenamn | Ελένη Φουρέιρα | ||
Opphav | Hellas | ||
Aktiv | 2007– | ||
Sjanger | elektropop, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Minos EMI, Panik Records | ||
Verka som | songar, dansar | ||
Sambuar med | Alberto Botía |
Bakgrunn
endreFouréira vart fødd av albanske foreldre i Fier i Albania, men på grunn av den albanske borgarkrigen i 1997 flykta familien og busette seg i nabolandet Hellas. Fouréira vaks opp i Kallithea kommune ved Athen, og ho vart tidleg musikkinteressert. Allereie som barn lærte ho å spela gitar og dreiv med teater i tre år.
Fouréira vart kjend for eit større gresk publikum i 2007, då ho var medlem i gruppa Mystique. I 2009 gjekk medlemmane kvar til sitt, og Fouréira byrja på solokarrieren sin og fekk platekontrakt med Universal Music i Hellas. I 2010 gav ho ut debutalbumet Eléni Fouréira som nådde platinastatus i Hellas, og ho følgde opp med to nye album, Ti poniro mou zitas og Anemos agapis, i 2012 og 2014 på selskapet Minos EMI. Begge albuma vart godt motteke i Hellas og på Kypros. I 2015 bytta ho igjen plateselskap til Panik Records, der ho gav ut sit fjerde album, Vasilissa, i 2017.
Eurovision Song Contest
endreFouréira har gjort fleire forsøk på å deltake i Eurovision Song Contest for både Hellas og Kypros. I 2010 deltok ho i den greske finalen, saman med Manos Pyrovolakis og songen «Kivotos tou Noko». Dei kom på andreplass bak vinnaren Jórgos Alkaíos og songen «OPA!». Under den greske finalen i 2013, framførte ho ein versjon av den ukrainske vinnarsongen frå 2004, «Wild Dances».
I 2016 og 2017 sende Fouréira inn bidrag til den greske kringskastaren ERT, men den greske kringkastaren avslo begge bidraga og valde i staden andre artistar og songar til å representere landet.[3][4]
I februar 2018 stadfesta den kypriotiske kringskastaren RIK at Fouréira skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Fouréira deltok med songen «Fuego», skriven av den svensk-greske låtskriveren Alexander Papaconstantinou.[5] Den enda på ein andreplass i finalen, den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1981.[6]
Diskografi
endreAlbum
endre- 2010 – Eleni Foureira
- 2012 – Ti poniro mou zitas
- 2014 – Anemos agapis
- 2017 – Vasilissa
Singlar (utval)
endre- 2011 – «Simadia» (med Panagiotis Petrakis)
- 2011 – «Reggaeton»
- 2012 – «Fotia» (med NEVMA)
- 2013 – «Radevou stin paralia» (med Marios Brasil)
- 2015 – «Ladies»
- 2015 – «Stod theo me pai» (cover av Nadav Guedjs «Golden Boy», Israels Eurovision-bidrag i 2015)
- 2015 – «Pio dinata»
- 2016 – «Delicious»
- 2017 – «Vasilissa»
- 2018 – «Fuego»
Referansar
endre- ↑ «Eleni Foureira to fly the flag for Cyprus with 'Fuego' - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 8. mai 2018.
- ↑ «Eleni Foureira - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Arkivert frå originalen 8. mai 2018. Henta 8. mai 2018.
- ↑ «Eleni Foureira releases rejected Greek ESC 2016 entry "Come Tiki Tam"». wiwibloggs (på engelsk). 15. oktober 2016.
- ↑ «Did Greece reject the Cypriot Eurovision entry?». EuroVisionary (på engelsk). 2. februar 2018.
- ↑ «Alex Papaconstantinou will compose 2018 Cyprus Eurovision entryParikiaki | Parikiaki Cyprus and Cypriot News» (på engelsk). Henta 8. mai 2018.
- ↑ «Cyprus – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Eléni Fouréira» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2021.