El Diablo av Élena Tsagrinoú

song frå 2021 med Élena Tsagrinoú
«El Diablo»
Song av Élena Tsagrinoú
Land Kypros
Språk Engelsk, spansk
Utgjeve 28. februar 2021
Sjanger Elektropop, dance
Lengd 03:01
Selskap Panik
Tekstforfattar Laurell
Låtskrivar(ar) Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Laurell Barker, Cleiton «OXA» Sia, Thomas Stengaard

«El Diablo» (spansk for 'djevelen') er ein popsong frå 2021 med den greske songaren Élena Tsagrinoú. Songen vart utgjeven 28. februar 2021 av Panik Records, og han er skriven av Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Laurell Barker, Oxa og Thomas Stengaard. Songen var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1] Etter utgjevinga fekk songen kritikk frå religiøst hald på Kypros, som meinte teksta var støytande og lovprising av djevelen. Songen var blant favorittane før Eurovision Song Contest var halden, men enda til slutt på 16. plass i finalen i Rotterdam.

Om songen endre

«El Diablo» vart vald av den kypriotiske kringkastaren Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest i 2021. Den er skriven av låtskrivarteamet Jimmy «Joker» Thornfeldt, Laurell Barkar, Oxa og Thomas Stengaard.[2] Låtskrivarane uttala at låten og tittelen handla om å «forelska seg i nokon som er like ille som djevelen».[1][2]

Songtittelen vart offentleggjord 25. november 2020, medan songen vart utgjeven for strøyming og digital nedlasting 28. februar 2021.[3] Musikkvideoen til songen vart sloppen same dag og vart spela inn i Athen.[4]

Religiøs kritikk mot songen endre

Då songen vart utgjeven, mottok CyBC ei rekkje truande telefonsamtalar, og over 11 000 skreiv under på ein underskriftskampanje mot songen på Avaaz. Kampanjen kravde at Kypros trekte «El Diablo» frå tevlinga.[5] Særleg var tittelen på songen og strofen «I fell in love/ I fell in love/ I gave my heart to El diablo» som vekte harme, og Den ortodokse kyrkja på Kypros meinte songen var støytande, respektlaus og ikkje-representativ for landet. Songen fekk full støtte frå CyBC, regjeringa og fleirtalet av folkesetnaden på Kypros.[6] Regjeringa avviste òg alle krav frå religiøse og konservative grupper, og uttala at ho respekterte åndelige rettar og dessutan retten til fri kunstnarisk utøving og uttrykk.[7]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[8] 2
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 6
Hellas (IFPI Greece)[10] 9
Island (Tónlistinn)[11] 14
Irland (IRMA)[12] 60
Litauen (AGATA)[13] 8
Nederland (Single Top 100)[14] 31
Noreg (VG-lista)[15] 13
Storbritannia (UK Vert singla)[16] 86
Sverige (Sverigetopplistan)[17] 20

Eurovision Song Contest endre

Intern utveljing endre

I november 2020 kunngjorde Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) at dei hadde valt den greske songaren Élena Tsagrinoú til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2021 med songen «El Diablo».[2] Før detta hadde Tsagrinoú sjølv kalla Eurovision Song Contest for ein institusjon som ho hadde følgd med på i årevis. Ho la til at om den rette songen vart funnen, ville ho sjå på det som ei ære og glede å delta i Eurovision Song Contest.[2]

I Rotterdam endre

Den 65. utgåva av Eurovision Song Contest fann stad i Rotterdam i Nederland og bestod av to semifinalar tysdag 18. mai og torsdag 20. mai 2021. «El Diablo» og Kypros deltok i den fyrste semifinalen. Der vart songen nummer seks og kvalifiserte seg til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai. Songen opna finalen og enda til slutt på ein 16. plass med 94 poeng.[18][19]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Elena Tsagrinou will represent Cyprus at Eurovision 2021!». European Broadcasting Union (EBU). 25. november 2020. Henta 3. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Adams, William Lee (25. november 2020). «Cyprus: Elena Tsagrinou will sing 'El Diablo' at Eurovision 2021». Wiwibloggs. Henta 3. februar 2021. 
  3. «El Diablo - Single by Elena Tsagkrinou» (på engelsk). Arkivert frå originalen 9. desember 2021. Henta 8. mars 2021. 
  4. Jiandani, Sanjay (25. januar 2021). «Cyprus: Elena Tsagrinou to release ‘ El Diabolo’ on 24 February». ESCToday. Henta 3. februar 2021. 
  5. «Eurovision: Απειλούν να κάψουν τον σταθμό ΡΙΚ για το τραγούδι 'El Diablo' της Κύπρου» (på gresk). Lifo. 26. februar 2021. Henta 1. mars 2021. 
  6. Braithwaite, Sharon; Liakos, Chris; Kolirin, Lianne (3. mars 2021). «Church of Cyprus calls for country's entry to Eurovision to be dropped for promoting devil-worship». CNN. Henta 7. mars 2021. 
  7. Hadjicostis, Menelaos (6. mars 2021). «Protesters say out with Cyprus' 'Satanic' Eurovision entry». The Washington Post. Henta 7. mars 2021. [daud lenkje]
  8. «Elena Tsagrinou – El diablo». Ultratop. Henta 20. juni 2021. 
  9. «El Diablo» (på finsk). Henta 20. juni 2021. 
  10. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (Local) Εβδομάδα: 9/2021» (på engelsk). Henta 20. juni 2021. 
  11. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 16. juni 2021. Arkivert frå originalen 20. juni 2021. 
  12. «Irish Charts Singles» (på engelsk). Official Charts Company. 18. juni 2021. Henta 20. juni 2021. 
  13. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  14. «Elena Tsagrinou – El Diablo». Dutch Charts - dutchcharts.nl. Henta 20. juni 2021. 
  15. «Elena Tsagrinou». VG/IFPI Norge. 18. juni 2021. Henta 20. juni 2021. 
  16. «El Diablo | full Official Chart History» (på engelsk). Official Charts Company. Henta 20. juni 2021. 
  17. «Veckolista Singlar,vecka 21». 1. juni 2021. Henta 20. juni 2021. 
  18. «WATCH: Eurovision Song Contest 2021 - Grand Final 🏆» (på engelsk). 22. mai 2021. Henta 22. mai 2021. 
  19. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 20. juni 2021.