Elbląg

(Omdirigert frå Elblag)

Elbląg (tysk Elbing, latinsk Elbinga) er ein by nord i Polen med om lag 125 000 innbyggjarar. Han høyrer til Ermelandskmasuriske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Elbląg voivodskap (1975–1998) og kommunesenter Gdańsk voivodskap (1945–1975). Byen har ei hamn ved Elblągelva som renn ut i Wisłalagunen om lag 10 km lenger nord. Byen har derfor tilgjenge til Austersjøen via det russiskkontrollerte Baltiysksundet.

Elbląg
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Ermelandskmasuriske voivodskap
Areal 79,82 km²
Folketal 115 220 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 1237
 •  Byrettar 1246
Postnummer 82-300 til 82-315
Retningsnummer +48 055
Bilnummer NE
Kart
Elbląg
54°09′08″N 19°24′32″E / 54.152222222222°N 19.408888888889°E / 54.152222222222; 19.408888888889
Wikimedia Commons: Elbląg
Hamna og gamlebyen.
Foto: Benhamburg

I mellomalderen låg den gammalprøyssiske busetnaden Truso ved Drużnosjøen nær den noverande Elbląg i det historiske Pogesania. Busetnaden vart brend ned på 900-talet.[2] Den tyske riddarordenen erobra regionen og innbyggjarane vart spreidd. Den tyske riddarordenen bygde ei borg og grunnla Elbing med innbyggjarar som stort sett kom frå Lübeck. I dag er innsjøen mykje mindre og rekk ikkje bort til byen lenger. Etter Dei tyske riddarane sitt nederlag vart borga øydelagd av innbyggjarane og byen kom så inn under den polske krona (1466), Kongedømet Preussen (1772) og Det tyske keisardømet (1871). Elbing vart kraftig råka under den andre verdskrigen og dei tyske innbyggjarane vart drivne bort då krigen var over. Byen var ein del av Polen i 1945 og vart folkesett på ny med polske borgarar.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/042815461011-0932703?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 6. oktober 2022; filformat: JSON.
  2. I følgje Elbląg museum

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Elbląg