Ell & Nikki

(Omdirigert frå Eldar & Nigar)

Ell & Nikki er ein aserbajdsjansk popduo sett saman av Eldar Qasımov og Nigar Camal. Den 14. mai 2011 vann dei Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared». Dette var fyrste gongen eit bidrag frå Aserbajdsjan vann tevlinga.[1]

Ell & Nikki

Eldar Qasımov og Nigar Camal i Buta Palace i Baku.
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2011–2013
SjangerPop
MedlemmerEldar Qasımov
Nigar Camal

Eurovision Song Contest 2011

endre
 
Frimerket laga i samband med sigeren.

Både Camal og Qasımov deltok i Land of Fire 2011, den aserbajdsjanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011. Camal vann tevlinga, medan Qasımov enda på fjerdeplass. Sidan det var juryen som fekk stadfeste kven som fekk lov til å representere landet, valde dei båe to. Seinare valde İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) den engelskspråklege songen «Running Scared», skriven av Stefan Örn, Sandra Bjurman og Iain Farquharson.

Semifinalen

endre

I Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland deltok Aserbajdsjan i den fyrste semifinalen den 10. mai 2011 og enda på andreplass med 122 poeng; tolv frå Tyrkia og Georgia, ti frå Russland, Malta, Kroatia og Litauen, åtte frå Polen og Island, sju frå Ungarn, Portugal og Hellas, fem frå Albania, Finland og San Marino, fire frå Storbritannia og eitt frå Sveits og Spania. Om ein berre hadde talt telefonrøystene hadde bidraget enda på andreplass med 124 poeng, og hadde ein berre talt juryrøystene hadde bidraget enda på andreplass med 109 poeng.

Finalen

endre

Landet kvalifiserte seg til finalen den 14. mai 2011 der dei vann med 221 poeng; tolv frå Russland, Tyrkia og Malta, ti frå Moldova, Romania, Ukraina, San Marino og Kroatia, åtte frå Bosnia-Hercegovina, Litauen, Estland, Austerrike, Island, Georgia, Polen, Albania, Portugal og Kypros, sju frå Ungarn og Slovakia, seks frå Frankrike, Nederland og Kviterussland, fem frå Finland og Hellas, fire frå Israel, tre frå Sverige og Belgia, to frå Latvia og eitt frå Sveits. Hadde ein berre talt telefonrøystene hadde bidraget vunne med 223 poeng, og hadde ein berre talt juryrøystene hadde bidraget enda på andreplass med 182 poeng. Dette er den fyrste og førebelse einaste sigeren til Aserbajdsjan.

Ell & Nikki er den andre duoen med blanda kjønn som har vunne Eurovision Song Contest. Fyrste gongen var då Grethe og Jørgen Ingmann vann for Danmark i 1963. Etter finalen i Eurovision Song Contest 2011 reiste dei til mange europeiske land for å framføre vinnarsongen. Dei mottok òg prisen Peace and Friendship Award av di Nigar Camal bar eit tyrkisk flagg på scena under vinnarframføringa.

Aserbajdsjan gav ut eit frimerke vigd til Eurovision-sigeren deira.[2][3]

Sida tevlinga vart arrangert i eit vesteuropeisk land deltok gruppa under namnet Ell & Nikki for å unngå at ein skulle oppfatte namnet «Nigar» som rasistisk.

Eurovision Song Contest 2012

endre
 
Dima Bilan, Eldar Qasımov, Nigar Camal, Alexander Rybak og Lena med nokre nasjonale musikarar i bakgrunnen.

Den 16. april 2012 vart Eldar Qasımov vald ut som programleiar for Eurovision Song Contest 2012 saman med Leyla Əliyeva og Nərgiz Birk-Petersen. Gruppa opna finalen med å framføre «Running Scared», og seinare i programmet framførte dei den svenske vinnarsongen frå 1974, «Waterloo», saman med Lena, Dima Bilan, Alexander Rybak og Marija Šerifović.

Diskografi

endre

Singlar

endre
  • 2011: Running Scared
  • 2013: Music's Still Alive

Kjelder

endre