Opna hovudmenyen

Eldar Qasımov

aserbajdsjansk songar

Eldar Qasımov (fødd 4. juni 1989) er ein aserbajdsjansk songar. Han er med i duoen Ell & Nikki, saman med Nigar Camal.

Eldar Qasımov
Pht-Vugar Ibadov eurovision (26).jpg
Leyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen.
Fødd4. juni 1989
FødestadBaku i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken (no Aserbajdsjan)
FødenamnEldar Qasımov
AliasEldar
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2010–i dag
Tilknytte artistarNigar Camal
Verka somSongar

Innhaldsliste

Eurovision Song Contest 2011Endra

Ell & Nikki representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared» og enda på andreplass med 122 poeng i den fyrste semifinalen og vann med 221 poeng i finalen.

Dansk Melodi Grand Prix 2012Endra

21. januar 2012 var han éin av fem musikarar frå Aserbajdsjan som deltok i ein internasjonal jury i Dansk Melodi Grand Prix 2012, den danske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan.[1]

Eurovision Song Contest 2012Endra

Saman med Leyla Əliyeva og Nərgiz Birk-Petersen var han programleiar for Eurovision Song Contest 2012 som vart arrangert i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku. I den andre semifinalen framførte han vinnarbidraget til den svenske gruppa ABBA frå 1974, «Waterloo», saman med Nigar Camal, Lena, Alexander Rybak, Dima Bilan og Marija Šerifović.[2] Han opna finalen saman med Nigar Camal då dei framførte sitt eige vinnarbidrag frå 2011, «Running Scared».

DiskografiEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Azerbaijan Show Business Reps Appointed Jury for Danish National Selection» (aserbajdsjansk). Vesti.az. Henta 10. mai 2013. 
  2. «Gratulerer, Tooji» (norsk). Dagbladet. Henta 10. mai 2013.