Nərgiz Birk-Petersen

Nərgiz Birk-Petersen (fødd 27. oktober 1976 som Nərgiz Abbaszadə) er ein aserbajdsjansk programleiar og tidlegare advokat. Ho snakkar aserbajdsjansk, dansk, engelsk og russisk.

Nərgiz Birk-Petersen
Nərgiz Birk-Petersen.jpg
Fødd 27. oktober 1976
Baku
Yrke programleiar, advokat
Nərgiz Birk-Petersen på Commons

Birk-Petersen var programleiar for Eurovision Song Contest 2012 saman med Leyla Əliyeva og Eldar Qasımov.[1]

Nargiz Birk-Petersen er dotter av matematikaren Maleyka Abbaszadeh, leiaren for den statlege studentopptakskommisjonen i Aserbajdsjan.[2] Ho er gift med Ulrik Birk-Petersen frå Danmark og busett i Dubai med mannen og tre barn.[2]

KjelderEndra

  1. Siim, Jarmo. «Eldar, Nargiz, Leyla to host Eurovision 2012». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 13 July 2013. Henta 16 April 2012. 
  2. 2,0 2,1 Maleyka Abbaszadeh: 'I'm Proud of My Daughter Nargiz' Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.. Azadinform. 16 May 2012.