Eldorado av Electric Light Orchestra

Eldorado
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Språk engelsk
Utgjeve September 1974 (US)
Oktober 1974 (UK)
Innspelt Februar – august 1974, De Lane Lea Studios, London
Sjanger Symfonisk rock, progressiv rock, kunstrock
Lengd 38:42
Selskap Jet (UK), United Artists (US)
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
The Night the Light Went On in Long Beach
(1974)
Eldorado Showdown
(1974)
Singlar frå Eldorado
  1. «Can't Get It Out of My Head»
    Utgjeve: November 1974
  2. «Boy Blue»
    Utgjeve: April 1975

Eldorado (stundom kalla Eldorado – A Symphony by the Electric Light Orchestra) er det fjerde studioalblumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1974.

Konsept endre

Eldorado er det første konseptalbumet til ELO. Jeff Lynne kom opp med historia før han skreiv musikken.[1] Plottet følgjer ein Walter Mitty-liknande karakter som reiser inn i ei fantasiverd via draumane sine og rømmer frå røyndomen sin. Lynne byrja å skrive albumet som svar på kritikk frå faren, som elska klassisk musikk, og som sa at repertoaret til Electric Light Orchestra ikkje «hadde noko melodi».[2] Påverknaden frå The Beatles er tydeleg, særleg i versa på «Mister Kingdom» som minnar om Beatles sin «Across the Universe».

Innspeling endre

Eldorado var det første albumet der Jeff Lynne hyrte eit orkester. På dei førre albuma hadde Lynne i staden lagt lag på lag med strykarar.[1] Louis Clark var medarrangør og dirigerte strykarane, og vart sidan fulltidsmedlem i bandet.[1] Dei tre faste strykeinstrumentalistane i bandet spelte òg på albumet, mest tydeleg på songane «Boy Blue» og «Laredo Tornado». Mike de Albuquerque slutta tidleg i innspelingsprosessen sidan turnélivet heldt han borte frå familien. Lynne spelte det meste, om ikkje alt, av bass og korvokal på albumet, sjølv om berre de Albuquerque står omtalt på plateomslaget. Kelly Groucutt erstatta de Albuquerque på den påfølgjande turneen, då cellisten Melvyn Gale òg kom inn. «Eldorado Finale» er ein tungt orkestrert versjon av «Eldorado Overture». Jeff Lynne sa om denne songen «Eg likar dei tunge akkordane og den noko teite slutten, der ein kan høyre kontrabassistane pakke saman bassane sine, fordi dei ikkje ville spele eit millisekund meir enn dei hadde fått betalt for».[1]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [3]
Rolling Stone(positiv)[4]

«Can't Get It Out of My Head» vart gjeven ut som singel (med «Illusions in G Major» som B-side) og vart ein suksess i USA. Ein nedkorta versjon av «Boy Blue» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde dårleg. Albumet selde til gullplate i USA. Verken albumet eller singlane gjorde det særleg bra i Storbritannia.

I 1978 gav filmskaparen Kenneth Anger ut filmen Inauguration of the Pleasure Dome frå 1954 ut på ny og nytta Eldorado som filmmusikk. I juli 2010 vart albumet av Classic Rock kåra til eit av dei 50 albuma som bygde progrocken.[5]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Eldorado Overture»2:12
2.«Can't Get It Out of My Head»4:21
3.«Boy Blue»5:18
4.«Laredo Tornado»5:29
5.«Poor Boy (The Greenwood)»2:57
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Mister Kingdom»5:50
7.«Nobody's Child»3:40
8.«Illusions in G Major»2:36
9.«Eldorado»5:20
10.«Eldorado Finale»1:20
Bonusspor på ny CD-utgåve
Nr.TittelLengd
11.«Eldorado Instrumental Medley»7:56
12.«Dark City»0:46

Medverkande endre

Andre medverkande
  • Peter Forbes-Robertson – tale

Lister endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback.
  2. Porter, Robert, Jeff Lynne Song Database, June 2013. http://www.jefflynnesongs.com/cgioomh/ Henta 25 June 2013
  3. Eder, Bruce. «Eldorado – Electric Light Orchestra : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 3 March 2013. 
  4. (Posted: 2 January 1975) (2 January 1975). «Electric Light Orchestra: Eldorado : Music Reviews : Rolling Stone». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 16. februar 2008. Henta 3 March 2013. 
  5. Classic Rock magazine, July 2010, Issue 146.
  6. «Electric Light Orchestra – Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015.