Opna hovudmenyen

Richard Tandy (fødd 26. mars 1948) er ein engelsk musikar, mest kjend som klaverspelar i Electric Light Orchestra («ELO»).[1] Klaverinstrumenta hans (inkludert Mini Moog, clavinet, mellotron og piano) var ein viktig ingrediens i lyden til gruppa, hovudsakleg på albuma A New World Record, Out of the Blue, Discovery og Time.

Richard Tandy
Richtendi.jpg
Fødd26. mars 1948 (71 år)
FødestadBirmingham
FødenamnRichard Tandy
OpphavBirmingham, England
SjangerSymfonisk rock, progressiv rock, kunstrock, poprock
InstrumentMoogsynthesizer, piano, elektrisk piano, clavinet, harmonium, cembalo, mellotron, klaverinstrument, gitar, bass, orgel
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra, Jeff Lynne, Tandy Morgan Band
PlateselskapUnited Artists
Jet Records
Harvest Records
Epic
EMI
SonyBMG
Verka somMusikar

Tandy var frå Birmingham og gjekk på skule i lag med den framtidige bandkollegaen Bev Bevan.[2] Tandy byrja å spele med Bevan i 1968, då han spelte cembaloThe Move-hitten «Blackberry Way». Seinare, i 1972, var Tandy bassist i den første besetninga av ELO, og spelte stundom klaverinstrument, seinare på fulltid. I tillegg til ELO, har Tandy samarbeidd med Lynne på andre prosjekt, som songar for Electric Dreams, soloalbumet til Lynne Armchair Theatre og det Lynne-produserte Dave Edmunds-albumet Information.

KjelderEndra

  1. «Rewired Electric Light Orchestra Hitting The Road». MTV. 13 July 2001. Henta 11. februar 2015. 
  2. http://theelonetwork.weebly.com/richard-tandy-interview---april-1999.html