Opna hovudmenyen

Mike Edwards (31. mai 19483. september 2010), kjend som Swami Deva Pramada eller berre Pramada, var ein engelsk cellist og musikklærar. Han var ei stund medlem av Electric Light Orchestra.

Mike Edwards
Fødd31. mai 1948(1948-05-31)
FødestadLondon
Død3. september 2010 (62 år)
DødsstadDevon i England
FødenamnMichael Edwards
OpphavStorbritannia
SjangerRock, klassisk
InstrumentCello
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra
PlateselskapHarvest Records, Jet Records
Verka somMusikar

Edwards kom med i Electric Light Orchestra (ELO) i 1972 og spelte med bandet på den første konserten deira i Croydon og fram til han valte å slutte i januar 1975.[1] Han hadde tidlegare òg spelt på ei innspeling med Barclay James Harvest.[2] Han spelte på studioalbuma ELO 2, On the Third Day og Eldorado, i tillegg til konsertalbumet The Night the Light Went on in Long Beach. Han vart erstatta av Melvyn Gale.

Han endra namnet sitt til Pramada etter han vart buddhist i Rajneesh-rørsla.[3]

Edwards mista livet i ei ulukke då ein rundballe av høy rulla ned ei åsside og traff bilen han køyrde.[4][5]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra