Kelly Groucutt
Kelly Groucutt (fødd 8. september 1945 som Michael William Groucutt, daud 19. februar 2009), var ein engelsk musikar mest kjend som bassist og korvokalist i det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), mellom 1974 og 1983 og var ein av dei lengstvarande i denne besetninga.
Kelly Groucutt | |
![]() Kelly Groucutt in concert at Barcelona on 6 June 2008 | |
Fødd | 8. september 1945 |
---|---|
Fødestad | Coseley, Staffordshire, England |
Død | 19. februar 2009 (63 år) |
Dødsstad | Worcester, Worcestershire, England |
Fødenamn | Michael William Groucutt |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1960–2009 |
Sjanger | Pop, rock, rock and roll |
Instrument | bassgitar, gitar, vokal |
Stemmetype | bassrøyst |
Tilknytte artistar | Electric Light Orchestra, OrKestra, ELO Part II, The Orchestra |
Plateselskap | Jet, RCA |
Verka som | Musikar, vokalist |
BiografiEndra
Han vart interessert i musikk i tidleg alder og byrja som songar då han var 15 år gammal. Han byrja å spele gitar då han var 17, og 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte i fleire badn, som Greenwich Village og Marble Arch, og tidleg i 1970-åra vart han med i Sight & Sound, eit pop-orientert progressivt rockeband der Rick Price frå the Move tidlegare hadde spelt. Han vart seinare med i ELO, der han ikkje berre var bassist, men òg song i lag med Jeff Lynne. Han spelte inn det første soloalbumet sitt, Kelly i 1982, med hjelp av ELO-medlemmane Bev Bevan, Richard Tandy, Louis Clark og Mik Kaminski. Groucutt fekk eit dårlegare forhold til Lynne og ELO tidleg i 1980-åra, då Lynne valde å syngje og spele det meste av bass sjølv. Det heila enda med fiendskap mellom dei to.
Groucutt satsa så på ein solokarriere frå då av, mellom anna under aliaset Player, i lag med ELO-kollega Mik Kaminski. Til slutt byrha han og Kaminski og arbeide under namnet OrKestra, som spelte ELO-songane dei tidlegare hadde vore involvert i, og dei spelte inn eit par album i lag, Beyond the Dream og Roll Over Beethoven. Dei spelte òg ei stundi Bev Bevan sitt Electric Light Orchestra Part II tidleg i 1990-åra og vart etter kvart fulltidsmedlemmar der. I tillegg til desse, heldt Groucutt ofte einmannshow i the Midlands, der han framførte songar frå 50- og 60-talet.
Kelly Groucutt døydde 19. februar 2009 av eit hjarteinfarkt, 63 år gammal.[1]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kelly Groucutt» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ ELO member Groucutt dies, aged 63 BBC.co.uk