Elena Engelsen (fødd 6. september 1952Kapp på Toten) er ein norsk bilethoggar. Spesialiteten hennar er eksotiske dyr. Ho har laga ei rekkje skulpturar i stein som belgisk hardstein, marmor og kalkstein, i tillegg til bronse og tre.[1]

Elena Engelsen
Fødd 6. september 1952
Yrke bilethoggar

Elena Engelsen er dotter av treskjeraren Henning Engelsen og syster av Angelina Engelsen. Ho var elev ved SHKS 1969-71 og hadde steinhoggarpraksis i Amsterdam 1974-1979. Ho debuterte på Haustutstillinga i 1977, og med separatutstilling på Galleri Tanum i 1978.[treng kjelde]

Blant dei best kjende verka til Engelsen er Tigeren ved Oslo sentralstasjon. Marmorskulpturen hennar Sommerfuglpuppe (1982) er hjå Nasjonalmuseet. Oslo Kommunes kunstsamlinger og Østre Toten kommune har også kjøpt inn verk av Engelsen.[1]

Engelsen var gift med Per Ung, som også var bilethoggar. Saman med ektemannen laga ho skulpturen Peer Gynt til hestLøren.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Blom, Hege (26. februar 2020). «Elena Engelsen». Store norske leksikon (på bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra