Opna hovudmenyen

Eleonore Bjartveit (11. juli 192426. september 2002), fødd i Alta, var ein norsk lege og politikar frå Kristeleg Folkeparti.

Eleonore Bjartveit
Fødd 11. juli 1924

Alta

Død 26. september 2002
Oslo
Parti Kristeleg Folkeparti

Ho blei vald inn Stortinget frå Oslo i stortingsperioden 19891993. Som første vararepresentant i periodane 19811985 og 19851989 møtte ho fast i den tida (1983-86) Kåre Kristiansen var medlem av regjeringa. Bjartveit var visepresident i Odelstinget 9. oktober 1985- 9. mai 1986.

Eleonore Bjartveit var kulturminister i perioden oktober 1989 til november 1990 i Regjeringa Syse.

Ho blei utdanna lege i 1951, og fekk seinare godkjenning som spesialist i attføringsmedisin og geriatri. Lengst tid arbeidde ho ved Oslo Helseråd, sosialmedisinsk avdeling (1962-1967) og som medisinsk kunnig medlem av Trygderetten (1967-1983). Ho var gift med legen Kjell Bjartveit.

RegjeringEndra

Stortingets presidentskapEndra

StortingskomitéarEndra

BakgrunnsstoffEndra