Elham Amar, fram til midtsommars 2023 Elham Abdulrauf, også skrive Elham Abdrlauf[1][2] (fødd 2. januar 2005) er ein norsk sjakkspelar. Han kvalifiserte seg i 2023 til FIDE-tittelen stormeister i sjakk.

Elham Amar
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2005 (19 år)
Idrett sjakk

Elham Amar kvalifiserte seg FIDE-meister i 2019, og til Internasjonal Meister i sjakk i 2022. Han kvaliferte seg til stormeistertittelen ved å ta ikkje mindre enn fem stormeisterresultat frå juli til oktober i 2023: 6 poeng av 9 moglege i eliteklassa i NM i sjakk i Oslo 30.6-8.7; ved å vinne Riga Technical University Open 7-13.8 med 7,5 av 9; ved å vinne Open Internacional de Sants - Ciutat de Barcelona 18-27.8 med 7,5 av 9; ved å ta 8 av 11 i junior-VM i Mexico 21.9-1.10, og ved å ta 6,5 av 9 i Fagernes Internatinal Autumn 8-15-10.2023.[3] Tre av desse resultata hadde vore nok. Kravet om eigen rating over 2500 hadde han oppfylt allereie pr 1. november 2022 med 2504. Han hadde dermed kvalifisert seg til stormeistertittelen allereie då han hadde vunne turneringa i Barcelona 27. august 2023. Elham Amar vart utnemnd til stormeister av verdsjakkforbundet FIDE i april 2024.[4]

Elham Amar er elev ved sjakklina på NTG videregående skole i Bærum med blant andre Simen Agdestein som lærar. Han er likevel i stor grad sjølvlærd.[5]

Kjelder endre

  1. «Elham bytter etternavn – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 5. april 2024 
  2. «Forum for Sjakkhistorie», www.facebook.com, henta 5. april 2024 
  3. «Title application» (PDF). Henta 5. april 2024. 
  4. https://ratings.fide.com/profile/1533533
  5. Bryne, Lars (25. oktober 2023). «Norges ukjente sjakktalent vekker oppsikt: – En av verdens beste online». NRK (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elham Amar