Noregsmeisterskapen i sjakk

(Omdirigert frå NM i sjakk)

Noregsmeisterskapen i sjakk blir halde i juli kvart år av Norges Sjakkforbund i samarbeid med ein lokal arrangør.

Dette er den klart største sjakkturneringa i Noreg, og har dei siste åra samla mellom 500 og 600 sjakkspelarar. Turneringa har dei siste åra gått over 8 dagar, frå laurdag til laurdag, med 9 rundar. Meisterskapa for 2008 og 2009 blei spela over 9 dagar, frå laurdag til neste sundag.

Noregsmeisterskapen i sjakk blir spela i sju ulike klassar etter spelestyrke. Desse klassane er elite, meister og klasse 1, 2, 3, 4 og 5. Det blir dessutan spela i åtte aldersklassar: Senior A og B (over 60 år), junior A og B (under 20 år), kadett A og B (under 16 år), lilleputt (under 13 år) og miniputt (under 11 år). Turneringa er open for alle medlemmer av Norges Sjakkforbund, og dei yngste klassane er opne for medlemmer i Ungdommens Sjakkforbund.

I øvste klasse, eliteklassen, blir det kjempa om tittelen noregsmeister i sjakk. Dei siste åra har Noregsmeisteren i sjakk fått ein kongepokal i premie. Dei som har vunne denne klassen flest gonger er Simen Agdestein, med ni gongar, Berge Østenstad, med åtte gongar, og Olaf Barda, med seks gongar.

Tidlegare vinnarar endre

Under står år, namn, og sjakk-klubben som vinnaren er medlem av. Meisterskap avgjorde etter omkamp har merknad om dette.

Andre noregsmeisterskap i sjakk endre

I tillegg arrangerer Norges Sjakkforbund og Ungdommens Sjakkforbund kvart år fleire andre sjakkturneringar, der det blir kåra noregsmeistrar i snøggsjakk og lynsjakk, for klubblag, skulelag og juniorlag. Det blir også arrangert NM for jenter og NM for ungdom, med fleire aldersklassar.

Bakgrunnsstoff endre