Elisabetta Perrone

'Elisabetta Perrone (fødd 9. juli 1968) er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Camburzano i Biella-provinsen. Ho vann sølvmedaljen på 10 km i Friidretts-VM 1995, så vel som i Sommar-OL 1996. I 2001 sikra ho seg bronsen på 20 km i verdsmeisterskapen.

Elisabetta Perrone
Statsborgarskap Italia
Fødd 9. juli 1968
Camburzano
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

AktivEndra

Perrone vart nummer fire i kappgang-tevlinga ved VM 1993 i Stuttgart, fem sekundar bakom bronsevinnaren. I VM 1995 var ho med i gullstriden heilt inn på oppløpssida på Ullevi i Göteborg. Ei uvanleg jamn tevling enda med gull til russiske Irina Stankina, tre sekundar framom sølvmedaljør Perrone, som på si side hadde fire sekundar til gode på nummer tre og nummer fire. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 sikra Perrone seg ein ny sølvmedalje, Jelena Nikolajeva frå Russland var i ei eiga klasse.

Frå 1999 gjekk kvinnene 20 km i dei store meisterskapane, mot tidlegare 10 km. Etter eit par svake meisterskapsår kom Perrone tilbake og vann bronsen ved VM i Edmonton i Canada. Året etter vart ho nummer seks i München-EM 2002. Ho la opp etter Sommar-OL 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra