Eliteserien i handball 1994/95–Kvinner
Eliteserien i handball 1994/95 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 2. oktober 1994 til 9. april 1995.
Bækkelaget SK frå Oslo vart seriemeister for andre gong, tre år etter den fyrste triumfen. Som førre gongen var Kjersti Grini og Susann Goksør dei sentrale spelarane i mannskapet, som i tillegg bestod av målvaktene Heidi Tjugum og Vibeke Johnsen, danske Gitte Madsen, Hege K. Kvitsand, Christin Magnussen, Rina Beldo, Vibeke Cook Jensen, Sahra Hausmann, Tone Langbakken og Siv Heim Sæbøe.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Bækkelaget SK | 22 | 602-433 | 38 |
2 | Larvik HK | 22 | 647-431 | 35 |
3 | Gjerpen IF | 22 | 631-491 | 30 |
4 | Byåsen IL | 22 | 580-468 | 30 |
5 | Toten HK | 22 | 553-484 | 30 |
6 | Sjetne IL | 22 | 474-415 | 28 |
7 | Tertnes IL | 22 | 450–467 | 18 |
8 | Nordstrand IF | 22 | 494-539 | 18 |
9 | Refstad/Veitvet | 22 | 527-551 | 16 |
10 | Lunner IL | 22 | 521-587 | 12 |
11 | IF Pors | 22 | 412–606 | 9 |
12 | Sverresborg IF | 22 | 272-691 | 0 |
Kjelder
endre- Sportsboken 95-96. Chr. Schibsteds Forlag. 1995.