Eliteserien i handball 1998/99–Kvinner

Eliteserien i handball 1998/99 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 13. september 1998 til 28. april 1999.

Bækkelagets Sportsklubb frå Oslo vart seriemeister for tredje gong, fire år etter den førre. Meisterlaget bestod av Anja Andersen, Sorina Teodorovic, Hong Jeong-Ho, Gitte Madsen, Sahra Hausmann, Siv Heim Sæbøe, Kari Anne Hole, Lise Larssen, Stine Steen, Eli Fallingen og målvaktene Cecilie Leganger og Monica Kyvåg,

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Bækkelaget SK 22 708-464 42
2 Tertnes IL 22 667-561 33
3 Byåsen IL 22 598-511 33
4 Nordstrand IF 22 550-488 29
5 Larvik HK 22 626-516 29
6 Stabæk IF 22 549-523 26
7 Sola HK 22 535-519 21
8 Gjerpen IF 22 516-588 17
9 Lunner IL 22 533-592 14
10 Selbu IL 22 478-573 8
11 Sørfjell 22 442-620 7
11 Fjellhammer IL 22 382-649 5

Kjelder

endre
  • Sportsboken 1999. Chr. Schibsteds Forlag. 1999.