Ella
Ella er eit kvinnenamn som truleg oppstod i England. Det kan vera ei kortform av namn som byrjar på El-, som Ellinor eller Elisabeth, eller for namn som sluttar på -ella, som Gabriella eller Donatella. Ella har namnedag både i Noreg og Sverige den 19. februar.
TydingEndra
I den siste namnetypen er -ella eit kvinneleg diminutiv. Det er òg gjort framlegg om at namnedelen kan ha samanheng med den germanske namneendinga -ali, som tyder annleis eller framand. Andre igjen bind Ella saman med namn som Eline eller Elena, som igjen kjem frå Helena og tyder strålande.
BrukEndra
Namnet har vore mykje brukt i den engelsktalande verda, og har i dag aukande popularitet. Ella er blant dei hundre mest brukte namna i USA, og blant dei tjue mest brukte i Irland samt England og Wales sett under eitt. Også i Noreg har namnebruken auka kraftig sidan rundt 1995, og i Sverige var namnet det ellevte mest gjevne i 2004.
Kjende namneberararEndra
- Ella Kivikoski (1901-1990), finsk arkeolog
- Ella Baker (1903-1986), afroamerikansk borgarrettsforkjempar
- Ella Hval (1904-1994), norsk skodespelar
- Ella Rosén (1911-1984), svensk skodespelar
- Ella Fitzgerald (1917-1996), afroamerikansk jazzsongar, som mellom anna gav ut platene Ella & Louis og Ella & Louis again
- Ella Holm Bull (1921-2006), sørsamisk forfattar
- Ella Gjømle Berg (f. 1971), norsk langrennsløpar
- Ella K. Okstad (f. 1973), norsk illustratør
Utanfor WikipediaEndra
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ella hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Ella på behindthename.com
Andre tydingarEndra
Ella er òg eit spansk pronomen som tyder henne.