Ellinor

personnamn

Ellinor er eit kvinnenamn av uviss tyding. Namnet er kome til norsk gjennom engelsk (Eleanor, Elinor, Ellinore) frå fransk Eléonore, ei form av oksitansk Aliénor. Namnet er også kjend som Eleonora. Ei tysk form er Leonora, og det har elles kortformer som Ellen, Elly, Lore og Nora.

Minneplate for forfattaren Elinor Glyn.
Eleonora av Akvitania, eigentleg Alienor, var ein tidleg og kjend namneberar.

Ellinor har namnedag den 14. april i Noreg og den 11. juli i Sverige.

Tyding endre

Namnet er blitt forklart som ei avleiing frå arabisk, kanskje med tydinga 'Gud er mitt lys', ei form av det greske Helena som tyder 'lysande', eller med eit germansk førsteledd 'ali' som tyder 'annan' eller 'framand'.

Namnet er kjend frå mellomalderdronninga Eleonora av Akvitania. Ho skal ha blitt kalla opp etter mora Ænor de Châtellerault. oppkallingsform, Alia-Ænor, der førsteleddet tyder 'andre' og Ænor er eit namn som tyder tyder 'lega' eller 'mjukna'.

Bruk endre

 
«Mrs Ellinor Guthrie» måla av Frederic Leighton rundt 1865.

Namnet blei utbreidd på grunn av Eleonora av Akvitania, som var dronning i Frankrike og England. Også to seinare engelske dronningar bar namnet: Eleanor av Provence og Eleanor av Castile.

Ellinor var mykje brukt i Noreg frå rundt 1920 til midten av 1950-talet. Bruken sokk etter dette, før han gjekk opp igjen på 2000-talet.

Namnet i kulturen endre

Namnet er kjend frå fleire skandinaviske songar. Evert Taube brukte det i fleire viser, som «Ellinor dansar», «Ellinors vals» og «Karl-Alfred och Ellinor». Dotter til Taube heitte Ellinor. «Ellinors vise», med tekst av Klaus Hagerup og melodi av Sverre Kjelsberg, er ein populær norsk song frå 1976. Songen startar med orda «Ka e det som æ drømme om...»

The Beatles hadde ein song som heitte «Eleanor Rigby» på albumet Revolver frå 1966.

Namneberarar endre

Kjelder endre