Ellisif Wessel

norsk politikar og forfattar

Ellisif Rannveig Wessel (fødd Müller14. juli 186628. november 1949) var ein av pionerane i den norske arbeidarrørsla, skjønnlitterær og faglitterær forfattar, redaktør og amatørfotograf. Ho var fødd i Austre Gausdal og døydde i Kirkenes.

Ellisif Wessel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1866
Gausdal kommune
Død

28. november 1949 (83 år)

Yrke skribent, fotograf, redaktør, fagforeiningsleiar, barnebokforfattar, omsetjar, lyrikar, journalist
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Andreas Wessel
Ellisif Wessel på Commons

Ellisif var gift med syskenbarnet sitt, Andreas Wessel, og frå 1886 busett saman med han i Kirkenes, der han var distriktslege. Ho gjorde eit viktig arbeid for den faglege og politiske arbeidarrørsla i Finnmark, mellom anna ved å skipe fagforeininga Nordens Klippe i Kirkenes i 1906.

Forfattarverksemda hennar femnar om både skjønnlitteratur og faglitteratur. Ho var lyrikar og utgav fleire diktsamlingar og skreiv dikt i arbeidaraviser, ho stod for politisk oppseding av born i form av barneboka Den lille socialist frå 1914, ho gav ut eit tidsskrift og ho skreiv fleire artiklar i arbeidaraviser. Hennar virke som amatørfotograf gav som resultat ei verdifull kulturhistorisk fotosamling frå Sør-Varanger.

Bakgrunnsstoff endre