Else Lasker-Schüler

tysk poet

Else Lasker-Schüler (11. februar 186922. januar 1945) var ein tysk forfattar av jødisk opphav. Ho var knytt til ekspresjonismen.

Else Lasker-Schüler

Statsborgarskap Tyskland, statslaus
Fødd 11. februar 1869
Elberfeld, Elberfeld
Død

22. januar 1945 (75 år)
Jerusalem

Yrke lyrikar, skribent, salongvertinne, skodespelforfattar
Språk tysk
Ektefelle Bertold Lasker, Herwarth Walden
Else Lasker-Schüler på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Else Schüler blei fødd i Elberfeld, som seinare er blitt ein bydel i Wuppertal, og voks opp i Briller Viertel i Elberfeld. Ho var den yngste av dei seks barna til Jeanette Schüler, fødd Kissing (1838–1890). Mora var ein viktig figur i diktinga hennar. Faren var Aaron Schüler (1825–1897), ein jødisk privatbankier. Han blei seinare forbilde for hovudfiguren i romanen Die Wupper.

Else gjekk for å vera eit vedunderbarn, sidan ho kunne lesa og skriva allereie i fireårsalderen. Frå 1880 gjekk ho på Lyceum West an der Aue. Seinare fekk ho privatundervisning heime.

Då ho var 13 år gammal, døydde yndlingsbroren hennar Paul.

På grunn av den jødiske bakgrunnen sin måtte ho dra i utlegd til Sveits i 1933, og seinare til Jerusalem i 1937. Ho blei fråteken det tyske statsborgarskapet sitt i 1938. Dei siste åra levde ho i fattigdom, og kunne ikkje utøva det litterære virket sitt fritt, sidan tysk blei uglesett i Israel.

Forfattarskap endre

Else Lasker-Schüler var ein av forløparane til den litterære ekspresjonismen, og høyrde til krinsen kring Franz Marc, Georg Trakl, Theodor Däubler, Gottfried Benn, Franz Werfel, Karl Kraus og René Schickele.

Dikta hennar er sprungne ut av rein kjensle og fantasi, og sameinar eksotisk sanselegheit og visjonære draumar med ein djup jødisk-mystisk religiøsitet (Hebräische Balladen, 1913; Gesammelte Gedichte, 1917; Mein blaues Klavier, 1943).[1]

Dramaet Die Wupper (1909) har naturalistisk-realistiske og fantastisk-groteske trekk. Lasker-Schüler skreiv også essay og forteljingar (til dømes Arthur Anonymus, 1932). Werke: Lyrik, Prosa, Dramatisches blei gitt ut i 1991, Sämtliche Gedichte i 1977.

I 1990 kom det ut ei samling dikt i norsk gjendikting ved Åse-Marie Nesse, Mitt blå klaver (Oslo 1990, Dreyer).

Kjelder endre

  1. Vestli, Elin Nesje (23. august 2023). «Else Lasker-Schüler». Store norske leksikon (på norsk).