Wuppertal
Wuppertal er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 360 000 innbyggjarar. Han ligg sør for Ruhr-området ved elva Wupper.
Wuppertal | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
Region | Düsseldorf | ||
Distrikt | Kreisfri by | ||
Høgd | 100–350 m | ||
Areal | 168,39 km² | ||
Folketal | 358 938 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 1929 | ||
Postnummer | 42001–42399 | ||
Retningsnummer | 0202 | ||
Bilnummer | W | ||
![]() Wuppertal 51°16′00″N 7°11′00″E / 51.266666666667°N 7.1833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Wuppertal |
Byen er eit stort industrisenter med industriar som tekstil, metallurgi, kjemikaliar, medisin, elektronikk, gummi, køyretøy og kopieringsutstyr. Ein av dei mest kjende smertestillande midla, Aspirin, vart funne opp i Wuppertal av Bayer Health Care AG.
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1929 då ein slo saman Barmen, Elberfeld, Vohwinkel, Ronsdorf, Kronenberg, Langerfeld og Beyenburg. Namnet var opphavleg Barmen-Elberfeld, og etter 1930 Wuppertal («Wupperdalen»).
Byen er bygd opp i rette linjer på grunn av dei bratte åssidene langs elva Wupper. Dette er uvanleg for byar i Tyskland. Dei dominerande bysentruma Elberfeld (det historiske handelssenteret) og Barmen (meir industrielt) har danna eit felles område sidan 1850. I dei påfølgjande tiåra vart dei den dominerande industrielle samlinga nordvest i Tyskland. Før 1800-talet gjekk mot slutten tok derimot Köln, Düsseldorf og Ruhr-området over denne rolla, og desse hadde meir gunstig topografi.
Under den andre verdskrigen vart om lag 40 % av byen øydelagd av dei allierte sine bombetokt, i lag med mange av dei andre industrisentera på denne tida. Ein stor del av dei historiske minnesmerka fekk derimot stå urørt, som Ölberg-området, ein av dei største arbeidarklassebydelane i Tyskland, og den såkalla Briller Viertel, den største bydelen i Tyskland med spissborgarboligar.
Etter frigjeringa frå naziregimet vart Wuppertal ein del av den britiske okkupasjonssonen og så ein del av delstaten Nordrhein-Westfalen i Vest-Tyskland.
Folk frå Wuppertal
endre- Friedrich Engels, politisk tenkjar (Barmen)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wuppertal» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2007.