Elva Doubs
Doubs er ei 453 km lang elv aust i Frankrike og vest i Sveits, og ei av sideelvane til Saône frå venstre. Ho har sitt utspring nær Mouthe vest i Jurafjella. Først renn ho nordaustover, meir eller mindre langs den fransk-sveitsiske grensa (og ein del av grensa i om lag 40 km). Nær Montbéliard snur ho sørvestover til ho munnar ut i Saône i Verdun-sur-le-Doubs, om lag 20 km søraust for Chalon-sur-Saône.
Doubs | |||
elv | |||
Doubs mellom Sveits og Frankrike
| |||
Land | Frankrike, Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 500 km² | ||
Lengd | 453 km | ||
Middelvassføring | 176 m³/s | ||
Kjelde | Mouthe i Jurafjella | ||
- koordinatar | 46°42′17″N 6°12′34″E / 46.70472°N 6.20944°E | ||
Munning | Saône | ||
- koordinatar | 46°54′3″N 5°1′27″E / 46.90083°N 5.02417°E | ||
Elva Doubs 46°42′18″N 6°12′34″E / 46.7049°N 6.2094°E | |||
Wikimedia Commons: Doubs River |
Doubs renn gjennom følgjande departement, kantonar og byar:
- Doubs (F, kalla opp etter elva): Pontarlier.
- Kantonen Neuchâtel (S).
- Kantonen Jura (S): Saint-Ursanne.
- Doubs (F): Montbéliard, Besançon.
- Jura (F): Dole.
- Saône-et-Loire (F): Verdun-sur-le-Doubs.
Sideelvar:
Elva dannar fleire innsjøar:
- Lac des Brenets (høgd 750 m)
- Lac de Moron (høgd 716 m)
- Lac de Biaufond (høgd 610 m)