elva Lora

Denne artikkelen handlar om elva Lora. For grenda Lora i Lesja kommune, sjå Lora.

Lora er ei elv i Lesja kommune og Skjåk kommune i Innlandet.

Lora
elv
Lorkverna6416.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Lesja, Skjåk
Nedslagsfelt 354 km²
Sideelvar Skardåe, Søråe,
Storåe, Storfellinge,
Lortjønbekken,
Søre Gravåe,
Skarvedalsåe
Lengd 41,5 km
Middelvassføring 6,53 /s
Kjelde Sør for Skarvedalseggen
 - høgd 1 665 moh.
Munning Renn saman med Lågen ved Lora.
 - høgd 538 moh.

Elva Lora
62°3′0″ N 8°18′47″ E
Wikimedia Commons: Lora (river)

Ho er ei sideelv åt Lågen og renn i aust-nordaustleg retning til ho munnar ut i Lågen ved grenda Lora. Elva er 41,5 km lang og har eit nedslagsfelt354,46 km².[1] Middelvassføring ved munningen er 6,53 m³/s.[1] Lora er den sideelva som leverer klart mest vatn åt Lågen innan Lesja kommune og smeltevatn frå Lora er hovudkjelda åt flom i Lågen i Lesja. Før nedtappinga av Lesjavatna munna Lora ut i den vestlege delen av innsjøen.[2]

Elva har utspring frå eit brevatn mellom Skarvedalseggen i nord og Lorhogget i sørvest, sentralt i Reinheimen nasjonalpark. Ho renn fyrst mot sør og fell nokså bratt ned mot sjølve Lordalen, der ho snur mot aust-nordaust. Vidare fell elva slakt og einsarta og mottek vatn frå mange små sideelver og -bekkar. Under om lag 1000 moh. er dalen skogkledd. Stort sett heile vassdraget over skoggrensa ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark. Under skoggrensa omfattar Lordalen landskapsvernområde dalfører omtrent frå Ruste (780 moh.) og opp åt Nysetre (995 moh.)

Det går bilveg åt Nysetre som ligg akkurat ved skoggrensa. Men unntak av vegen og forbyggingsarbeida på dei siste par kilometra før munninga er elva og vassdraget hovudsakleg utan tekniske inngrep. Vassdraget vart verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag i 1973.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas. (21. august 2014)
  2. Jordhøy, Per: Lesjaleira - landskap og fugleliv. Snøhetta forlag, 2005.
  3. «002/15 Lora». nve.no -> Vann, vassdrag og miljø -> Verneplan for vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat. 16. september 2015. Henta 10. januar 2016.