Elvemusling
Elvemusling eller elveperlemusling (Margaritafera margaritafera) er ein ferskvasslevande musling som finst i temperert, rennande vatn på den nordlege halvkula.[2] Arten er truga av utrydjing, hovudsakleg på grunn av forsuring av vassdrag. I tidlegare tider var han òg ein viktig ressurs som produsent av perler.
Elvemusling | |
Elvemuslingar under vatn | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av Elvemusling | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Muslingar Bivalvia |
Underklasse: | Palaeoheterodonta |
Orden: | Unionoida |
Familie: | Elvemuslingar Margaritiferidae |
Slekt: | Margaritifera |
Art: | Elvemusling M. margaritifera |
Vitskapleg namn | |
Margaritifera margaritifera |
Elvemuslingen heldt til i låglandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerer or vatnet med gjellene sine. Larvane lever parasittisk i gjellene til laks eller aure.
Bestanden i Noreg er mellom dei sterkare i verda, men han er likevel rekna som sårbar av norsk raudliste. Særleg sør for Dovre er bestanden på veg ned; mykje fordi det ikkje skjer formeiring i nokon særleg grad. Dette kan ha fleire årsaker, mellom anna endringar i vertsdyrbestandane eller at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.[1]
Raudlistevurdering
endreMuslingane flyttar seg i lita grad etter at dei har etablert seg på elvebotnen. Spreiing innover i vassdrag og mellom vassdrag skjer derfor medan muslinglarvane er festa til vertsfisken. Dyra blir normalt 150–200 år gamle i Noreg, men det er funne dyr i Sverige som er rundt 280 år gamle. I raudlistesammenheng blir likevel nytta ei antatt generasjonstid på 33 år. Tidlegare var perlefiske ei viktig årsak til tilbakegang, men dette har no opphøyrt, sjølv om det framleis slår noko ulovleg plukking. No er faktorar som eutrofiering, erosjon frå lands- og skogbruksområde, forsuring, utrydding av vertsfisk, vassdragsregulering, kanalisering, bekkelukking, drenering av myrar og anna utmark, snauhogst og giftutslepp m.m. viktigare.[1]
Vassdragsreguleringar påverkar i stor grad den naturlege vassføringa i elvar og bekker og vil derfor kunna endra habitatet til muslingane ved at variablar som flaum, vassfart, vanndekt areal og substratkvalitet blir påverka. På grunn av elvemuslingens strenge habitatkrav kan vasskraftreguleringar derfor potensielt føra til betydelege forstyrringar.
Konklusjon: Trass i at nokre bestandar synest å ta seg sakte opp, blir det forventa framleis bestandsnedgang på grunn av diverse truslar mot leveområda til arten, og arten vart sett på raudlista i 2021 som Sårbar (VU) grunna ein forventa nedgang i førekomstarealet til arten og/eller redusert kvalitet på levestadane. Noreg har eit betydeleg ansvar for å ta vare på elvemuslingen i Europa.[1]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Bakken T, Olsen KM og Skahjem N (24. november 2021). «Bløtdyr: Vurdering av elvemusling Margaritifera (Margaritifera) margaritifera for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.