Speedway av Elvis Presley

Speedway
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 1. mai 1968
Innspelt Mai 1963, juni-september 1967, januar 1968
Sjanger Filmmusikk, rock, pop
Lengd 28:26
Selskap RCA Victor
Produsent Jeff Alexander
Elvis Presley-kronologi 
Elvis' Gold Records Volume 4

(1968)

Speedway Elvis Sings Flaming Star
(1968)
Singlar frå Speedway
  1. «Your Time Hasn't Come Yet Baby»
    Utgjeve: 25. juni 1968

Speedway er det 32. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut i mai 1968 av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3989. Albumet inneheld musikk frå filmen Speedway frå 1968, der Presley sjølv spelte. Innspelinga fann stad i MGM Studios i Hollywood, den 20. og 21. juni 1967. Albumet nådde 82. plassen på Billboard 200.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1/5 stars[1]

Innhald endre

I juni 1967, medan Presley arbeidde med filmmusikk, gav The Beatles ut Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og endra musikkindustrien. The Velvet Underground & Nico skulle få stadig meir innverknadsrik over tid og Surrealistic Pillow av Jefferson Airplane, debutalbumet til The Doors og I Never Loved A Man the Way I Love You av Aretha Franklin var alle bestseljarar.[3] Monterey Pop Festival hadde nettopp funne stad lenger nord i California frå der Presley arbeidde. Han var klar over somme av endringane som skjedde i popmusikken kring seg, men vart i stadig aukande grad isolert då det var meir filmmusikk som måtte spelast inn.[4]:228

Det vart spelt inn åtte songar under innspelinga der «Suppose», som var den einaste songen som hadde interesse for Presley, ikkje vart nytta i filmen.[4]:229-230 To songar vart gjevne ut på ein singel, «Your Time Hasn't Come Yet Baby» med «Let Yourself Go» på B-sida, og begge sider nådde dei lågare delane av Billboard Hot 100 (høvesvis 72. og 71. plass), men selde dårleg.[4]:244 «There Ain't Nothing Like A Song» som vart avvist frå filmmusikken til Spinout, var ein av to songar med vokal av Nancy Sinatra, her i ein duett med Presley.[4]:228 All vokalen hennar, og songen hennar «Your Groovy Self,» den einaste gongen ein song utan Elvis vart gjeven ut på eit av albuma hans, vart spelte inn i ei anna innspeling den 26. juni der Lee Hazlewood var produsent.[5] Tre songar som var til overs frå tidlegare innspelingar, inkludert ei frå innspelinga i mai 1963, vart henta fram til å fylle opp albumet med songar.

Speedway tok over rekorden for lågast listeplassering og salstal for Presley, mindre enn 100 000 selde eksemplar, og den framtidige platekarrieren hans stod i fare.[4]:262 Det kom noko bra ut av det, sidan plateselskapet fann ut at ein ikkje kunne halde fram med denne filmmusikkformelen som ikkje lenger fungerte. Dette var den siste dramafilmen med Presley som fekk eit fullt filmmusikkalbum. Dei siste fem filmane hans dette tiåret — Stay Away, Joe, Live A Little, Love A Little, Charro!, The Trouble with Girls og Change of Habit — konsentrere seg om skodespelaren Presley, og ikkje songaren, og hadde få songar av Presley med.[4]:239, 243, 260, 261, 279 Det var òg det siste Presley-albumet som vart gjeven ut i både stereo og mono, sidan mono var på veg ut av industrien. Den sjeldne mono-utgåva Speedway (LPM-3989) er i dag etterspurt blant samlarar.[6] Tre songar frå albumet finst på Command Performances: The Essential 60s Masters II (1995): dei to sidene frå singelen og tittelsporet.[7]

Medverkande endre

26. juni-innspelinga:

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Speedway»Mel Glazer og Stephen Schlaks20. juni 19672:10
2.«There Ain't Nothing Like A Song» (duet with Nancy Sinatra)Joy Byers og Bob Johnston20. juni 19672:06
3.«Your Time Hasn't Come Yet, Baby»Joel Hirschhorn, Al Kasha20. juni 19671:49
4.«Who Are You (Who Am I?)»Ben Weisman og Sid Wayne20. juni 19672:32
5.«He's Your Uncle, Not Your Dad»Ben Weisman og Sid Wayne21. juni 19672:25
6.«Let Yourself Go»Joy Byers21. juni 19672:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Your Groovy Self» (sungen av Nancy Sinatra)Lee Hazlewood26. juni 19672:54
2.«Five Sleepy Heads» (bonusspor)Roy C. Bennett og Sid Tepper20. juni 19671:29
3.«Western Union» (bonusspor)Roy C. Bennett og Sid Tepper27. mai, 19632:10
4.«Mine» (bonusspor)Roy C. Bennett og Sid Tepper10. september 19672:36
5.«Goin' Home» (bonusspor)Joy Byers15. januar 19682:23
6.«Suppose» (bonusspor)Sylvia Dee og George Goehring20. juni 19672:01

Lister endre

Album

År Lister Plassering
1968 Billboard Pop Albums 82

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. «Elvis Presley (awards)». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 8. desember 2016. 
  3. Miller, Jim, editor. The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, second edition. New York: Random House, 1980; s. 254, 274, 284.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998.
  5. Elvis Presley sessionography
  6. Megocollector website
  7. Speedway av Elvis PresleyAllmusic

Bakgrunnsstoff endre