Emilie Nicolas

musiker

Emilie Nicolas Konghamn (fødd 26. november 1987), kjend under artistnamnet Emilie Nicolas, er ein norsk elektronikamusikar. Ho er kjend for sin jazz-inspirerte vokal i møte med elektronika.

Emilie Nicolas

Fødd26. november 1987 (36 år)
FødestadBekkestua
FødenamnEmilie Nicolas Kongshavn
OpphavNoreg, Frankrike
Aktiv2013–
Sjangerelektronisk musikk
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Norway
Verka somsongar, låtskrivar, programleiar, skodespelar
Sambuar medHerbert Nordrum
PrisarSpellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets album, Spellemannprisen for årets popartist

Tidleg liv og utdanning endre

Konghavn vaks opp på Bekkestua i Bærum med fransk far og norsk mor.[1] Ho byrja å skriva låtar som ung etter at ho fekk ein gitar av ein onkel.[2][3] Dei musikalske preferansane hennar vart utvida og utvikla gjennom mykje musikkeksponering på skulen. Konghavn har framheva bossa nova som ein musikalsk favorittsjanger.[4] Ho gjekk på musikklinja ved Rud videregående skole i Bærum, og var skodespelar i Rudrevyen. Sidan fortsette ho med musikk ved Toneheim folkehøgskole.[5] I 2010 byrja Kongshavn på jazzlinja ved NTNU[6], med vokal som hovudinstrument.[7] I løpet av studiet hospiterte ho òg i utøvande jazzsong på Norges musikkhøgskole. Det var gjennom løpet på NTNU ho møtte trommis og noverande bandmedlem Eivind Helgerød. Kort tid etter byrja Konghavn og Helgerød eit musikalsk samarbeid med Nicolay Tangen Svennæs og Anders Opdahl, noko som til slutt kom til å danne grunnlaget for debutalbumet til Nicolas, Like I'm A Warrior. Saman med Hanna Paulsberg og Ellen Andrea Wang starta ho i 2013 jazztrioen GURLS, men slutta i trioen etter eit par år for å prioritere solokarrieren.[8]

Karriere endre

I høve Pstereofestivalen i Trondheim sommaren 2013 fekk Nicolas eit bestillingsoppdrag. Ho vart spurd om å lage sin versjon av DumDum Boys-låten «Pstereo», som i utgangspunktet berre skulle vere eit stunt for festivalen. Kort tid etter vart «Pstereo» A-lista på P3. 4. oktober same år skreiv ho kontrakt med Sony Music, og gav ut sin versjon av «Pstereo» på plateselskapet.[9][10] For låten vart ho nominert til P3 Gull 2013 i klassa årets låt og i tillegg i klassa årets nykommar.

Den 22. september 2014 slapp Nicolas debutalbumet Like I'm a Warrior.[11] Albumet vart godt motteke av norsk musikkpresse.[11] Natt&Dag roste albumet, og Aftenposten kåra det til eit av dei ti beste albuma i 2014.[12][13] For albumet vann ho to prisar under Spellemannprisen 2014; klassa årets nykommar med det tilhøyrande Gramostipendet på 250 000 kroner og klassa popsolist.[14][15] Ho vart i tillegg nominert til Nordic Music Prize 2014 for albumet og P3 Gull 2014 i klassa årets liveartist.

20. januar 2017 gav Nicolas ut singelen «Sky» som del av eit bestillingsverk frå NRK for serien Stemmene i hodet.[16]. I 2018 gav ho ut oppfølgjaralbumet Tranquille Emile. For albumet vann ho Spellemannprisen 2018 i klassene årets album og popartist.[17] I tillegg vart både Kåre Christoffer Vestrheim og Aksel Carlson nominert i produsentklassa, blant anna for utgjevingane til Nicolas.[18]

5. juni 2020 gav ho ut sitt tredje studioalbum Let Her Breathe, som debuterte med ein fyrsteplass på Topplista.[19] Nicolas vart tildelt Bendiksenprisen for 2020 med eit prisbeløp på 100 000 kroner og vart nominert til Spellemannprisen 2020 i klassa pop for albumet.[20][21]

Nicolas har vore aktiv sidan debutalbumet i 2014, med framsyningar på blant anna på Øyafestivalen og by:Larm.[22]

Nicolas har òg ei birolle i humorserien Hvite gutter som kjærasten til Herman.

Diskografi endre

Studioalbum:

  • Like I’m a Warrior (2014)[23]
  • Tranquille Emile (2018)[23]
  • Let Her Breathe (2020)[24]

Singlar:

  • «Pstereo» (2013)
  • «Grown Up» (2014)
  • «Nobody Knows» (2014)
  • «Fail» (2015)
  • «Sky» (2017)
  • «Higher Love» (2018)
  • «Wild One» (2018)
  • «Who's Gonna Love You» (2020)
  • «If I Call» (2020)
  • «White Highway» (2020) med Bendik Brænne
  • «Who's Gonna Love You (feat Isah)» (2021)

Referansar endre

  1. «– Jeg er så jævlig idiot, for jeg tror at jeg er så mystisk og sånn» (på norsk bokmål). 28. mai 2020. Arkivert frå originalen 29. september 2020. Henta 26. august 2020. 
  2. «Biography» (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 25. februar 2018. 
  3. «St. Nicolas». www.dn.no (på norsk). Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 27. november 2021. 
  4. Hi-Fi Scenen (15. august 2015). «Hi-Fi Scenen Talks at ØYA 2015 - Emilie Nicolas». Oversatt fra engelsk til norsk. Henta 25. februar 2018. 
  5. «Se opp for Emilie Nicolas! - NATT&DAG». NATT&DAG (på norsk bokmål). 17. april 2013. 
  6. «– Magien ligger i Emilie Nicolas sin stemme - Universitetet i Agder». Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 25. februar 2018. 
  7. «STUDENTER VED JAZZLINJA I TRONDHEIN 1979-2016 ETTER OPPTAKSÅR» (PDF). 
  8. «Jazz til folket». 16. februar 2018. Arkivert frå originalen 16. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  9. «P3 Gull: Emilie Nicolas – Tøff sommerfugl». NRK P3 (på norsk). 11. oktober 2013. Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 27. november 2021. 
  10. «Emilie Nicolas signerer med Sony Music! - Sony Music Norge». Sony Music Norge (på norsk bokmål). 4. oktober 2013. Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 27. november 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Emilie Nicolas: Like I'm A Warrior». gaffa.no (på norsk bokmål). 
  12. «Anmeldelse: Emilie Nicolas - Like I'm A Warrior». NATT&DAG (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 27. november 2021. 
  13. «Dette er årets ti beste norske album». Aftenposten (på norsk bokmål). 
  14. «Årsmelding 2014» (PDF). gramo.no. Arkivert frå originalen (PDF) 26. februar 2018. 
  15. NRK. «Emilie Nicolas er Årets nykommer». NRK (på norsk bokmål). 
  16. «Skyhøyt nivå». NRK P3 (på norsk). 20. januar 2017. 
  17. «Her er årets Spellemann-vinnere». 30. mars 2019. Arkivert frå originalen 30. mars 2019. Henta 30. mars 2019. 
  18. Am (30. mars 2019). «Alan Walker er årets Spellemann» (på norsk). Arkivert frå originalen 2. april 2019. Henta 2. april 2019. 
  19. «Album 2020-W24» (på norsk bokmål). Henta 12. juni 2020. 
  20. «Emilie Nicolas vinner Bendiksenprisen 2020». Henta 11. september 2020. 
  21. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». 12. februar 2021. Henta 17. april 2021. 
  22. «Plateanmeldelse: Emilie Nicolas - «Like I’m A Warrior»». Arkivert frå originalen 15. august 2015. Henta 18. oktober 2014. 
  23. 23,0 23,1 Musikkredaksjon, Aftenpostens. «Aftenposten kårer: Hun har laget årets beste album – igjen». Henta 11. desember 2018. 
  24. Borge, Espen (4. juni 2020). ««Setter nok en gang standarden for eksperimentell og ambisiøs pop»» (på norsk bokmål). Henta 4. juni 2020.