Opna hovudmenyen

Kjemisk struktur
Enalapril

CAS-nummer
75847-73-3
ATC-nummer
C09A A02
Metabolisme I levra til enalaprilat
Halveringstid Ca. 11 timar
Utskiljing Renal som enalapril og enalaprilat
Administrasjonsform Per oral

Enalapril er først og fremst eit blodtrykksminskande lækjemiddel, men vert òg nytta ved hjarte-pumpe-svikt.

Enalapril høyrer til ei gruppe lækjemiddel som vert kalla ACE-hemmarar. Desse lækjemidla hemmar omgjeringsenzymet angiotensin converting enzyme frå å gjera om angiotensin I til angiotensin II. Dette fører til lågare nivå av angiotensin II i blodet, eit stoff som blant anna får årene til å trekkja seg i hop og dermed gje pasienten eit auka blodtrykk.

BiverknadarEndra

ACE-hemmarar gjev ofte pasientar ei irriterande, tørr hoste. I tillegg til kan ein få for lågt blodtrykk, ein biverknad som er direkte knytt til den ønskte verknaden til emnet.

KontraindikasjonarEndra

Enalapril bør ikkje nyttast for gravide. Ein bør og vera svært varsam med å nytta ACE-hemmarar hjå pasientar med nyrearteriestenose.

AdministrasjonEndra

Enalapril vert vanlegvis administrert i tablettform. For betra effekt, kan det òg gjevast i lag med hydroklortiazid, eit vassdrivande lækjemiddel.

Marknadsføringsløyve i NoregEndra

BakgrunnsstoffEndra