Endre Vestvik

norsk politikar

Endre Kristian Vestvik (12. september 189429. mars 1956) var ein emissær, gardbrukar og politikar frå Finnås/Bømlo i Hordaland. Han representerte Rogaland og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1954 til han døydde, vel to år seinare.

Endre Vestvik
Fødd12. september 1894
Død29. mars 1956 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Far til Vestvik var målar og han arbeidde sjølv i yrket til 1917, inn i mellom dei periodane han deltok i fiskeria. Han tok så noko utdanning ved bibelskular i Bergen, og seinare i Oslo. Frå 1918 til -33 reiste han rundt om i Sunnhordland, Hardanger og Voss som emissær for ulike kristendoms-organisasjonar. Åra frå 1927 til -34 forpakta han gardsbruk på Jæren. I 1934 byrja han som bureisar i Randaberg, eit bruk han dreiv med han levde. Samstundes var han aktiv emissær i Ryfylke og Jæren krins av Indremisjonen.

Vestvik engasjerte seg i partipolitikken for Kristeleg Folkeparti. Han hadde plass i heradsstyret i Randaberg frå 1945 til han døydde, ordførar i åtte år frå 1947. Hausten 1953 vart han vald til å representere Rogaland på Stortinget, møtte der frå nyår 1954 til han døydde. På Tinget var han medlem i Protokollkomiteen.

Kjelder endre