Engelen Uriel

erkeengel

Engelen Uriel (hebraisk אוּרִיאֵל, «Guds flamme» eller «Guds lys», Auriel/Oriel) er ein engel nemnd i dei apokryfe skriftene i Fjerde Esra. Etter jødisk og kristen tradisjon er han av somme rekna som ein erkeengel eller overengel.

Uriel

Sankt Uriel, mosaikk, St John’s Church, Warminster, Wiltshire, England.
Erkeengel
Helgendag29. september (vestleg), 8. november (austleg), 28. juli (etiopiske)
SymbolBok, eld, sola, sverd
Helgen i

Historie endre

 
Engelen Uriel i eit bilde frå Saint Michael and All Angels Chruch i Howick i Northumberland i England.

Engelen Uriel er nemnd på 100-talet e.Kr. i ei bok som har fått namnet «Esras Apokalypse» eller «Fjerde Esra». Her vert det fortalt at Uriel er send til jorda for å gje Esra openberringar. Han har ein pergamentsrull eller ei bok til attributt.

I eldre bøker i dei heilage hebraiske skriftene er englane utan namn. Rabbi Simeon ben Lakish av Tiberias (230-270) hevda at alle namna på englane var noko jødane brakte med seg frå Babylon. På 1400-talet hevda munken Amadeus Menez de Silva (d. 1482) at han hadde fått namna på sju erkeenglar, Mikael, Gabriel, Rafael, Uriel, Jehudiel, Barachiel og Sealtiel, i ei openberring. Openberringa har berre fått liten kyrkjeleg aksept.

Bakgrunnsstoff endre