England Dan & John Ford Coley
England Dan & John Ford Coley var ein amerikansk softrockduo som bestod av Danny Wayland «England Dan» Seals og John Edward «John Ford» Coley. Dei var aktive i 1970-åra. Duoen gav ut 11 album og ni singlar i karrieren sin og er mest kjend for singelen «I'd Really Love to See You Tonight» frå 1976 som nådde andreplassen på den amerikanske singellista og førsteplassen på Adult Contemporary-lista. Etter dei vart oppløyste fortsette Seals som Dan Seals og hadde ei countrykarriere i 1980-åra som gav han 11 countryhittar.
England Dan & John Ford Coley | |||
| |||
Opphav | Dallas, Texas i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1970–1980 | ||
Sjanger | Poprock, softrock | ||
Tilknytte artistar | Parker McGee, Seals and Crofts | ||
Plateselskap | A&M Records, Big Tree Records | ||
Siste medlemmer | England Dan John Ford Coley |
Karriere
endreDuoen byrja medan dei var vener og klassekameratar ved W. W. Samuell High School i Dallas i Texas. Seals og Coley spelte først i popgruppa Southwest F.O.B. («Free on Board»).
Seals var den yngre broren til Jim Seals som i 1970-åra spelte i softrockduoen Seals and Crofts. Kallenamnet til Dan i barndommen var «England Dan» fordi han var sotr fan av det engelske rockebandet The Beatles, og han snakka stundom med ein tilgjort engelsk aksent.[1]
Begge turnerte kring i Texas der dei hadde ein hit, «The Smell of Incense», som nådde 43. plassen på poplista i 1969. Bandet spelte delte plakat med artistar som Led Zeppelin. Medan dei var i bandet byrja Dan Seals og John Coley sitt eige akustiske band, Colley and Wayland. Dette fekk sidan namnet England Dan & John Ford Coley, og duoen fekk kontrakt med A&M Records. I 1971 flytta dei til Los Angeles der dei varma opp for mange forskjellige band. Gjennombrotet deira kom i 1972 med songen «Simone». Han vart ein hit i Japan og dei gjekk òg inn på lista i Frankrike, men ikkje i USA.
Duoen vart frigjeven frå kontrakten sin med A&M etter tre album. Duoen fortsette og kom over songen «I'd Really Love to See You Tonight», skriven av den unge Parker McGee. Dei gav ut ein demo og spelte han på kontoret til Bob Greenberg ved Atlantic Records. Atlantic hadde ein etikett kalla Big Tree og artistrepresentante for Big Tree, Doug Morris, høyrde songen gjennom veggen og kom inn i rommet. Då Greenberg ikkje ønskte songen, sa Morris at han ville ha songen og tilbaud duoen ein kontrakt.[2]
Duoen hadde seks singlar på topp 40 mellom 1976 og 1979. Av dei største hittane deira var «Love Is the Answer» (skriven av Todd Rundgren) (1979), «I'd Really Love to See You Tonight» (1976), «Nights Are Forever Without You» (ein annan McGee-song) (1976), «It's Sad to Belong» (1977) og «We'll Never Have to Say Goodbye Again» (1978).
Seinare
endreDan Seals vart ein suksessrik countrymusikar i 1980-åra med hittar som «Meet Me in Montana» (med Marie Osmond) og «Bop». John Ford Coley starta ein skodespelarkarriere på fjernsyn og film i 1980-åra og byrja å spele musikk att i 1990- og 2000-åra. Han var medprodusent for artistar som Eddie Money (med Vince Gill) og Tom Wurth.
Seals døydde den 25. mars 2009 etter å ha blitt benahdla for lymfom.
Diskografi
endreAlbum
endreÅr | Album | Listeplassering | RIAA | Selskap | |
---|---|---|---|---|---|
US | CAN | ||||
1971 | England Dan & John Ford Coley | — | — | — | A&M |
1972 | Fables | — | — | — | |
1976 | I Hear the Music | — | — | — | |
Nights Are Forever | 17 | 11 | Gold | Big Tree | |
1977 | Dowdy Ferry Road | 80 | — | — | |
1978 | Some Things Don't Come Easy | 61 | 73 | — | |
1979 | Dr. Heckle & Mr. Jive | 106 | — | — | |
The Best of England Dan and John Ford Coley | 194 | — | — | ||
1980 | Just Tell Me You Love Me (filmmusikk) | — | — | — | |
1981 | The Best of England Dan and John Ford Coley Vol. 2 | — | — | — | |
1996 | The Very Best of England Dan and John Ford Coley | — | — | — | Rhino |
Singlar
endreÅr | Singel | Listeplassering | RIAA | Album | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US | US AC | CA | CA AC | AU | ||||
1972 | "New Jersey" | 103 | — | — | — | — | — | Fables |
"Simone" | — | — | — | — | — | — | ||
1976 | «I'd Really Love to See You Tonight» | 2 | 1 | 5 | 1 | 25 | Gold | Nights Are Forever |
"Nights are Forever Without You" | 10 | 6 | 10 | 4 | 92 | — | ||
1977 | «It's Sad to Belong» | 21 | 1 | 9 | 1 | 90 | — | Dowdy Ferry Road |
"Gone Too Far" | 23 | 8 | 15 | 11 | 71 | — | ||
1978 | «We'll Never Have to Say Goodbye Again» | 9 | 1 | 11 | 2 | — | — | Some Things Don't Come Easy |
"You Can't Dance" | 49 | 22 | 62 | 34 | — | — | ||
"If the World Ran Out of Love Tonight" | — | 41 | — | — | — | — | ||
"Westward Wind" | — | 30 | — | — | — | — | Nights Are Forever | |
1979 | «Love Is the Answer» | 10 | 1 | 33 | 18 | 79 | — | Dr. Heckle & Mr. Jive |
"What Can I Do with This Broken Heart" | 50 | 12 | — | — | — | — | ||
1980 | "In It For Love" | 75 | 45 | — | — | — | — | The Best of England Dan and John Ford Coley |
1981 | "Part of Me Part of You" | — | 42 | — | — | — | — | Just Tell Me You Love Me (soundspor) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «England Dan & John Ford Coley» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Nite, Norm N. and Newman, Ralph M.: ROCK ON: The Illustrated Encyclopedia Of Rock N' Roll; Volume II: Thomas Y. Crowell: 1978, p. 152.
- ↑ England Dan & John Ford Coley, Back to the «old school"
- ↑ Barry Alfonso, essay in the booklet for The Very Best of England Dan & John Ford Coley, Rhino Records, 1996, s. 5